Tankar ved Arnold Eidslotts død

Eg veit ikkje om lesarar av Ettertanke har noko forhold til Arnold Eidslott. Den som ikkje har det, har tapt ei kristen-kulturell oppleving. Eidslott var gjennom det meste av etterkrigstida ein av våre fremste lyrikarar, og han var ein tydeleg kristen diktar. Han var stor også i europeisk målestokk. 19. april døde han, nesten 92 år gamal. Av yrke var han telemontør. Han var sunnmøring, men skreiv riksmål.

I bokhylla mi står det sju diktsamlingar av Eidslott, og eg har lese dei alle med stor glede. Dette er berre frå dei siste åra. Han debuterte i 1953 og gav totalt ut 27 samlingar, pluss dikt i utval. Den siste samlinga kom ut i 2012 og bar tittelen «Postludium» – det var eit signal om at no var det slutt.

Arnold Eidslott er nok ikkje så svært kjend i kristenfolket, og han vart ikkje ein kjær brukslyrikar, eller ein som fekk tonar sette til sine dikt, slik som til dømes Trygve Bjerkhreim og Halldis Reigstad. Eg veit ikkje heilt grunnen til det, men det kan vera at han var litt «avansert», og det er ikkje sikkert dikta var så godt eigna til å syngja, sjølv om han var mykje oppteken med musikk – også i diktinga.

Det er sagt at Eidslott var ein «fornyer av norsk religiøs litteratur». Det trur eg kan vera rett, men då sett i lys av norsk litteratur generelt. Det kristne elementet i dikta hans vart berre tydelegare med åra, og dei siste samlingane var reinhekla kristen dikting, direkte forkynnande og oppbyggelege. Det kravde likevel noko å lesa Eidslott. Han var oppteken med mysteriet i Gud og i gudstrua. Det var undring i dikta, og han brukte mange uvante namn på Jesus og overraskande formuleringar. Det var trass det ikkje utflytande, men Kristus-orientert. Ei av diktsamlingane bar den programmatiske tittelen «Pax Christi» – Kristi fred.

Fleire av våre kristentorienterte forfattarar har diverre kome i bakleksa i den store litterære samanhengen. Dei fleste som presenterer norsk litteratur, synest å vera nokså sekulære i tenkinga si. Eit unnatak er professor Jan Inges Sørbø ved Høgskulen i Volda. Han har løfta fram fleire av dei kristent og åndeleg baserte forfattarane, inkludert Eidslott.

Det er enda ikkje for seint å gjera seg kjend med Arnold Eidslott, men det kjem altså ikkje meir frå diktaråra hans no. Den som søkjer til Eidslott, vil finna stor lyrikk, og oppbyggelege vers – på originalt vis:

Amen du Navnløse som gav
deg selv i navnet Jesus Krisus her

Jeg forstår deg ikke
men vet at du er mitt eneste her og nå

 

Johannes Kleppa

 

 

Bilde: Hentet fra internett Morgenbladet