Den jødiske nasjonalheimen 70 år

Staten Israel feirar i desse dagar 70-årsjubileum. Det er eit kontroversielt jubileum, trass i at det burde gje grunn til stor glede. Mange veit ikkje heilt korleis dei skal takla feiringa, sjølv om det burde vore sjølvsagt at dei gratulerte hjarteleg. Kristenfolket har særleg grunn til å markera dette jubileet, gjerne med det israelske flagget ved sida av det norske. Det jødiske folket fortener den æra, og det kan vera eit signal om erkjenning av og oppgjer med all uretten som er gjort mot dette folket opp gjennom tidene, ikkje minst i kristendommens namn.

Det vert ofte sagt at Israel må behandlast som alle andre land. Det gjeld ikkje andre reglar for dette landet enn for kva land som helst. Stemmer det? Både ja og nei. Sant å seia ville ein ha kome langt om Israel vart behandla som ein behandlar andre land. Problemet er at mange, ikkje minst politikarar og styresmakter, spesialbehandlar Israel i negativ retning. Det vert stilt krav til Israel og landet vert kritisert og fordømt som ingen andre land. Skulle ein lagt same målestokken på dei andre landa i Midtausten som ein gjer på Israel, måtte en ha kritisert og fordømt desse langt sterkare enn Israel, som er den einaste demokratiske rettsstaten i området. Det same gjeld i forhold til mange land rundt om verda.

Samstundes er Israel som land ulikt alle andre land. Det er oppretta som ein nasjonalheim for det jødiske folket. Så langt eg kjenner til, finst det ikkje andre nasjonalheimar for eit folk, aller minst som er oppretta av den grunnen det skjedde med Israel. Det finst i alle fall ikkje nokon annan heim for jødar. Då tenkjer vi ikkje berre på ein heim eller ein stad der dei kan bu, men der dei også kan forsvara seg og leva relativt trygt med si tru, sin kultur og sin identitet. Alle andre stader vert jødar meir eller mindre angripne, og historia er eit samanhengande blodig vitnemål om det med Holocaust som grufullt toppunkt.

Johannes Openberring kapittel 12 viser oss at jødehatet er av demonisk karakter. Jødane vert forfylgde fordi Messias kom frå dette folket. Då djevelen ikkje klarte ta livet av Jesus ved hans fødsel, forfylgde han det folket som bar frelsaren fram, og seinare også dei som trur på han. Antisemittismen er difor djupast sett Kristus-hat. Det er i dette Messias-perspektivet vi også må sjå Guds lovnader til jødefolket og landløfta – og at Gud gjennom alle tider har teke seg av sitt gamle folk og bevart jødefolket frå å gå i oppløysing.

I dette perspektivet er det eit stort Guds under at jødane fekk attende landet etter at dei i stor grad hadde vore spreidde for alle vindar i mange generasjonar, og andre hadde styrt i Israel i om lag 2500 år. Det er stor grunn til å gratulera det jødiske med 70-årsjubileet for Israel – den jødiske nasjonalheimen og oppfylling av Guds lovnader!

Johannes Kleppa

 

Bilde: Hentet fra internett > Dagen