Kyrkjemøte og kyrkjekrise

Til tider kan ein undra seg over korleis det vert tenkt og prioritert i Den norske kyrkja. Alle piler for utviklinga innan det som no er definert som «folkekyrkja», peikar nedover. Det gjeld tru, lære og aktivitet. Vi er i ein tidssituasjon der sekulariseringa, vantura og ateismen brer om seg, men der også profilerte trussamfunn veks. Religion er paradoksalt nok på vikande front, samstundes som ulike former for religiøsitet blomstrar.

For Den norske kyrkja er dåpstala på mange måtar eit barometer for oppslutnaden kyrkja har i folket. Skal eit kyrkjesamfunn med rette kunna omtalast som «folkekyrkje», må det på ein eller annan måte ha tilslutning frå det store fleirtalet i folket. Det kan ein ikkje berre måla på medlemstalet, men vel så mykje på oppslutninga om konfirmasjon og dåp. Det ha vorte sagt at kjem dåpstalet under 50 prosent av fødde barn i landet, kan ein ikkje lenger tala om ei folkekyrkje. No nærmar det seg raskt den grensa.

Då må ein undra seg over at Kyrkjemøtet meir konsentrerer seg om kunst og kultur, enn om den krisa kyrkja er inne i. Kyrkjemøtet er meir oppteke med ytre forhold enn det som gjeld bodskapen kyrkja formidlar. Ein kan nok finn mange døme som viser at Den norske kyrkja framleis i mange samanhengar står sterkt, og midt i all sekulariseringa har Human-Etisk Forbund på ingen måte fått vind i segla. Dei står omtrent på staden kvil med under 90.000 medlemmar.

Det er gjort nokre tiltak for å få fleire til å døypa borna sine, men organisatoriske verkemiddel vil hjelpa lite og inkje. Her må ein gå langt djupare enn det praktiske, og spørja kva indre grunnar foreldre har for ikkje å døypa. Då kjem ein til trusspørsmålet og forkynninga. Skal foreldre sjå nokon avgjerande grunn til å døypa, må det vera fordi dei har møtt ein bodskap om fortaping og frelse, om synd og nåde – ein bodskap som seier at både dei og borna treng Jesu frelsesverk.

Ei kyrkje i krise burde gå i seg sjølv og spørja kva som vert lært og forkynt ved gudstenester og i andre kyrkjelege samanhengar. Ein burde spørja seg sjølv kva som kan og må forkynnast slik at folk vert vekte og kjem til ei vedkjennande tru. Ein burde spørja seg kven ein rekrutterer inn i kyrkjelege stillingar og kva undervisning dei har fått. Ein burde gå i seg sjølv og erkjenna at den stadige tilpassinga til tidsånda og det politiske korrekte, undergrev og utarmar kyrkja.

Kyrkjemøtet burde grunna på kvifor Frank Aarebrot og Kjetil Evjen mot slutten av «den store historien» om reformasjonen, fyrer av fylgjande salve: «Man kan undres over om den moderne norske kirken egentlig har behov for teologer og misjonærer, men snarere trenger sosionomer, kommunikasjonsrådgivere og u-hjelpsagronomer.»

Johannes Kleppa

 

 

Bilde: Hentet fra nettet (dagbladet)