Den norske turistforeningen 150 år

IMG_3265

I dag går eg heilt utanom normalen for Ettertanke. Det har ikkje sin grunn i at eg så svært oppteken med Den norske turistforeningen, men 150-årsjubileet gjev høve til nokre refleksjonar knytt til naturen. Når ein les naturhistore, oppdagar ein raskt at det er mange religiøse tankar knytt til naturen, og ikkje minst til fjella. Det er mange døme på «heilage» fjell. Filosofane har også interessert seg for naturen. Naturen er ein grunnleggjande del av Guds skaparverk, og ei føresetnad for alt liv og for mennesket.

Noreg har mykje fjell, og Jotunheimen er kremen med tanke på vandreturisme. For oss anno 2018 er fjell og turgåing nokså sjølvsagt, men slik har det berre vore i vel hundre år. Før 1800-talet var naturen og fjellheimen lukka for folk flest, og berre brukt til jakt og beite, og til ferdselsåre frå landsdel til landsdel. På 1800-talet byrja landmålarane sitt arbeid, av militær og næringsmessig interesse, og så kom landskapsmalarane med sine romantiske naturbilete. Deretter kom fjellklatrarane og dei først fotturistane. Mange fjelltoppar fekk det første besøket av mennesket frå 1870 og ut over, Galdhøpiggen i 1850. Fotturistar har det stadig vorte fleire av etter Den norske turistforeningen vart skipa i 1868, og vi fekk turisthytter og oppmerka stiar. Det opna ei ny verd for mange, og det vart til rekreasjon og godt for helsa.

Fjellheimen – og merka at fjellet vert definert som ein «heim», og særleg Jotunheimen med Hurrungane, er ei estetisk nyting for dei fleste. Gud har skapt fjellheimen fager til glede for oss, og difor skal vi sjå på fjellet og naturen med takk og glede. Mennesket er skapt til å leva i kontakt med naturen og odla denne, det ligg i det som er sagt om skapinga av mennesket. Det er godt for mennesket å nytta seg av den gåva vi har fått i skaparverket. Det er sundt og det verkar til avstressing og harmoni i livet.

Det å nytta og odla fjellet og skaparverket i det heile, er altså gudvilja. Naturen skal ikkje øydeleggjast og naturressursane skal ikkje øydslast bort, men brukast som den gåva det er til alle menneske til alle tider. Naturen er ikkje guddommeleg, slik panteismen seier, men han har heller ikkje vorte til av seg sjølv, og han er ikkje evig. Det dreier seg om eit skaparverk, noko som vart til ved at Gud talte – og så stod det der. Evolusjonslæra er fattig i møte med den overveldande naturen, og ho gjev dårleg grunnlag for naturoppleving.

Så god tur – i Jotunheimen, eller kor det måtte vera, på turistforeiningshytter eller under open himmel!

IMG_3250

Johannes Kleppa

 

Bilder: Bergane og Talsethagen på «skaretur» i påsken