Spansk gudsteneste og norsk bønn

I desse dagar er det nøyaktig eitt år sidan vi overtok eigedomen Finca El Romeral og starta med drifta av Centro Sarepta frå sommaren av. Vi har enda ei tid att før det første undervisningsåret ved Bibel- og opplæringssenteret er omme. I denne perioden har det vore mange «for første gong», og slik er det framleis og vil vera til det første årshjulet har svive rundt – og også etter den tid.

Søndag 11. mars hadde vi eit viktig «for første gong». Då hadde vi vår første gudsteneste på spansk i Benidorm. Nesten heile styret i Misjon Sarepta fekk gleda av å vera med på det, og sjølv om fleire av oss ikkje forstod kva som vart sagt, var det ei oppleving å vera med – og vi forstod at evangeliet vart forkynt og nådde fram. Gudstenesta var i Den norske turistkirken sine lokaler, og folk der stilte villig opp for å hjelpa til. Vi vonar den spede spira som dette var, skal veksa seg til noko stort.

IMG_3194IMG_3197

Det som ikkje er nytt, men som er kontinuerleg, er bønn. Det gjeld i det personlege livet og i forsamlinga, og så er det nokre som har fått bønn som si spesielle teneste og oppgåve. Det gjeld på alle språk, men eg skulle ønskja at det på norsk vart bedt spesielt for det spanske folket framover, og at nokre fekk det som si spesielle teneste.

Vi seier at vi ønskjer at Centro Sarepta skal vera eit åndssenter, at senter der det skjer eit åndeleg arbeid på huset, og der det ut frå huset skjer eit åndeleg arbeid ut over i landet. Skal det skje, må arbeidet vera bore i bønn – for tilsette, for dei som kjem til senteret og for dei ein får kontakt med utafor. Det trengst bøn om openberrings, visdoms og krafts ånd.

Det er fint med unge og eldre som kjem til Centro Sarepta for å fylgja bibelundervisninga og i tillegg studera eller feriera. Det betyr mykje for arbeidet, og vi trur det betyr mykje for dei som kjem. Eg skulle ønskja at det også kom nokre primært for å be. Det ville vera fint om det kontinuerleg var ein eller to som fylgde undervisninga og så brukte mykje av dagen til å be. Vi treng meir av bønneånd på huset. Kunne einkvan sjå dette som si misjonsteneste, ville det vera storarta.

Johannes Kleppa