Statleg økonomisk makt

Penger med tekst_LI (3)

I sist Ettertanke skreiv eg om framlegg til ny religionslov og den åndelege og ideologiske einsrettinga staten legg opp til på mange område. Det spissar seg særleg i friskulespørsmålet, men det gjeld også samvitstvang i forhold til ulike yrke (særleg i helsevesenet) og i forhold til trussamfunn (særleg med tanke på likestilling og diskriminering når det gjeld kjønn og samliv). Merkeleg nok synest moskear og islamske samanhengar i det heile å vera nokså freda for kritikk, medan kristne samanhengar stadig er under angrep.

Eg nemnde i forrige Ettertanke at staten brukar både juridisk og økonomisk makt for å fremja statens verdisyn, altså det som er politiske korrekt og som tvers igjennom er prega av sekulær tenking. Det er naturalismen og evolusjonslæra som her slår gjennom. Den juridiske makta er lettast å sjå og førehalda seg til, fordi denne er uttrykt i lov og føreskrifter – og statens tolking kan her prøvast for retten. Rett nok kan det verta musa mot elefant med tanke på økonomiske ressursar til å føra ei rettssak, og ta sjansen på å tapa henne.

Den økonomiske makta er det annleis med. Rett nok er denne også til ei viss grad regulert av lov og forskrifter, men her er ein i stor grad overleten til politisk skjønn og vilje. Mykje er knytt opp til budsjett og løyvingar, som kan variera med politisk farge i regjeringskontora, sjølv om politisk makt ofte fører med seg nokså lik økonomisk makt på livssynsområde og rådande verdisyn.

Den økonomiske makta her i landet er ekstremt stor, fordi vi har eit ekstremt høgt skatte- og avgiftsnivå. Gjennomsnittleg betalar vi minst 2/3 – kanskje heile 70 prosent – i skattar og avgifter av utallige typar til stat, fylke og kommune. Den offentlege makta vert med det ekstremt stor på det økonomiske området, særleg når dette vert kombinert med det høge lønns- og kostnadsnivået i landet vårt. Vi er avhengig av ein omfattande økonomisk fordelingspolitikk gjennom ulike typar løyvingar og tilskot for å få frivillig og ideelt arbeid til å gå rundt, og for å ha alternativ til stat og kommune, til dømes på oppsedings- og opplæringssektoren frå barnehage til høgskulenivå.

Mange land har ikkje noko offentleg finansiering av kyrkjesamfunn eller andre trussamfunn, men vi har tradisjon for det via statskyrkjeordninga og skattepolitikken. Det kan fungera godt om ikkje staten er ideologiske einsrettande, men let skattepengane koma tilbake som støtte til ulike grupper på deira eigne premissar. Det kristne forsamlings- og misjonsarbeidet må svært gjerne nyta godt av offentlege tilskot, men ein må ikkje gjera seg avhengig av dette. Gjer ein det, er faren stor for å koma under samvitspress og kompromittera seg sjølv.

Der vi er heilt avhengige av offentlege tilskot, som på friskulesektoren, er det avgjerande viktig at ein ikkje let seg styra av statens økonomiske makt, men er føre var og tek dei kampane som er nødvendige – og no er slike kampar påkrevde.

Johannes Kleppa