Kristne politikarar og ekteskapsvigsel

Vielse ringer

Vi snakkar om borgarleg vigsel og borgarleg ekteskap og om kyrkjeleg vigsel og kyrkjeleg ekteskap. Det kan gje inntrykk av at det er to typar ekteskap, men det er feil. Det er berre to måtar å inngå ekteskap på, eller rettar to måtar å gå inn i ekteskapet på. Ekteskapet er ein institusjon og det er eitt. Det er ei gudvilja ordning ut frå skapinga, ei skaparordning. Slik er det i den gamle pakta og slik er det i den nye pakta. Ekteskapet er ei livslang samlivsordning for ei kvinne og ein mann (1Mos 2, 22-25, jfr. Mat 19, 3-9).

Ekteskapet er ei offentleg ordning, som hjå oss er ordna gjennom staten. I andre land og kulturar er det annleis. Det inneber at alle som vigslar, gjer det på statens vegner og ut frå gjeldande ekteskapslova. Det gjeld for kyrkjeleg vigsel som for borgarleg. Ved innføring av ny ekteskapslov i 2009 vart dette eit stort problem ut frå kristen tenking, og som set det kristne samvitet under press. Alle ekteskap her i landet er no prinsipielt kjønnsnøytrale ut frå dagens lov. Skal ein juridisk koma unna det, må ein velja sambuarskap – men også det er prinsipielt kjønnsnøytralt, bortsett frå partnerskap for homofile.

Forskjellen på borgarleg og kyrkjeleg vigsel er at ved kyrkjeleg vigsel forpliktar ein seg for Guds ansikt på ei kristen forståing av ekteskapet som livslangt, og ein bed om Herrens signing over ekteskapet – i motsetnad til borgarleg. Dette er viktig i seg sjølv, men det gjer ikkje ekteskapet til noko anna eller meir enn eit borgarleg inngått ekteskap. Dessutan har ein ved kyrkjeleg vigsel høve til å bruka eit heterofilt vigselritual.

Tidlegare skjedde borgarleg vigsel ved domstolen, altså på tinghuset. No er det overført til det politiske, altså rådhuset. Det er opp til kommunestyret å avgjera om det er ordføraren og/eller andre som skal ha vigselfunksjonen. Sidan utgangspunktet for dette er den kjønnsnøytrale ekteskapslova, gjeld dette både likekjønna «vigsel» og ulikekjønna.

Ordførarar og andre i aktuelle posisjonar må då ta stilling til om dei vil ta på seg slik vigsel eller ikkje. Dei aller fleste har sagt ja til det, inkludert likekjønna «vigsel». Det gjeld også kristne ordførarar og andre aktuelle vigslarar. Dei siste argumenterer då med at dette er ei borgarleg ordning innan det verdslege regimentet, og slik sett noko anna ein kyrkjeleg vigsel. Dei hevdar dette ligg til det politiske vervet, og at dei kan – og gjerne må – gjera det trass i at dei meiner ekteskapet berre er for mann og kvinne.

Dette er ei grunnleggjande mistyding av ekteskapet og av regimentslæra. Ekteskapet er altså ei skaparordning, og slik sett heilt uavhengig kor og korleis det vert inngått. Dessutan er det verdslege regimentet like mykje Guds regimente som det åndeleg. Vi er like forplikta på Guds vilje i begge regimenta. Som kristne legar må avstå frå å utføra fosterdrap (trass i at det er lovleg etter norsk lov), må kristne politikarar avstå frå likekjønna «vigsel» (sjølv om det er lovleg etter norsk lov). Her må samvitet vera forplikta på kva som er rett etter Guds ord. Ove Sandvik hadde ein god artikkel i Dagen for litt sidan om dette spørsmålet.

Johannes Kleppa