Forsamlinga og heile Guds råd

Også denne veka er eg på Centro Sarepta og underviser i truslære og i Apostelgjerningane. Dei som har talt, seier det er 25 talar i Apostelgjerningane, og av dei er 20 haldne av kristne. Dei fleste er det apostlane Peter og Paulus som har halde. Mange talar har som føremål at jødar og heidningar skal omvenda seg og tru på Jesus som Messias. Andre er forsvarstalar i møte med styresmakta og domstolen.

Det er nokre få talar som er haldne til kristne, og ein av desse er retta til kristne leiarar – til dei eldste i forsamlinga i Efesus. Den heldt Paulus i Milet, og vi finn han i kapittel 20. Det er på fleire måtar ein gripande tale, men det er også ein tankevekkande og lærerik tale når det gjeld kristent arbeid og åndeleg leiarskap i dag. Vi skal her berre løfta fram eitt moment.

Paulus var lenge i Efesus og han forkynte og underviste mykje. I talen til dei eldste seier han at han er «utan skuld i nokon manns blod». Det må bety at dersom det er noko som ikkje vil tru og går fortapt, eller dersom det er nokon blant dei kristne som går seg vill etter Paulus har forlete dei, er det ikkje hans skuld. Det er ei dristig utsegn, som vitnar om at han er trygg på at den tenesta han har utført i byen, er rett. Dette grunngjev han på fylgjande måte:

«For eg har ikkje halde noko attende, men eg har forkynt dykk heile Guds råd.»

Han seier også at han ikkje heldt «attende noko av det som kunne vera til gagn for dykk, men forkynte dykk det og lærde dykk det ute mellom folket og kringom i husa».

Grunnen til at Paulus kan kjenna seg fri og seia seg skuldlaus, ligg altså i forkynninga hans. Det var ei allsidig forkynning ut frå heile Guds råd, men samstundes var det nok med det sentrum og orienteringspunkt som gjer at dei ikkje veit seg noko anna enn Kristus og han krossfest (1 Kor 2.2).

Dersom nokon i forsamlinga går seg vill i åndelege spørsmål, kan dei ikkje skulda på at dei ikkje visst betre, fordi dei ikkje hadde fått forkynt og lært om det aktuelle trus- eller livsområdet. Dei kunne ikkje skulda på forkynnaren Paulus.

Det som Paulus her seier om forkynninga si som apostel, kan nok ingen av oss «vanlege» forkynnarar seia, fordi vi må forkynna ut frå den nådegåva vi har fått. I forsamlinga totalt sett skal likevel heile den apostoliske breidda i forkynninga lyda, slik at ingen som går der fast, skal kunne skulda på forkynninga dei har høyrt, om dei går seg vill på ein eller annan måten.

Johannes Kleppa