Den etiopiske hoffmannen og forsoninga

Eg er for tida på Centro Sarepta og underviser i Apostelgjerningane. I dag har vi sett på det som skjedde då Filip forkynte evangeliet for den etiopiske hoffmannen (Apg 8, 26-40). Det er ei oppbyggeleg og fascinerande historie av fleire grunnar, men det er også ei lærerik hending med tanke på den diskusjonen som for tida går om Jesu død og forsoninga.

Fleire har i det siste hevda at det er feil å tala om straff i samband med Jesu død, altså at Faderen straffa Jesus for syndene våre, slik at vi kan omtala Jesu død som straffeliding i vår stad. Argumentet for dette er at ordet straff ikkje er brukt i NT om Jesu død. Det er språkleg sett rett, men det må gjerast mange tolkningsmessige krumspring og kunstverk for å borttolka at slik Jesu liding vert framstilt og omtalt som straff – særleg når ein ser Jesu død og oppstode som oppfylling av GT sine lovnader om ein komande Messias og Herrens tenar. Heile offertanken i GT er jo boren av soning og straff.

Det er likevel berre ein stad dette eksplisitt er sagt, og det er Jes 53,5. Her står det om Herrens tenar: «Straffa låg på han, så vi skulle ha fred.» Det interessante og lærerike i denne samanhengen er at det nettopp var Jesaja 53 den etiopiske hoffmann sat og las i, og som han ikkje forstod kva det betydde. Filip gav han den rette forståinga, og på basis av den trua det skapt, vart hoffmannen døypt.

Hoffmannen var nett komen forbi vers 5 og las vers 7 og 8, og han lurte på kven det her var talt om. Apostelgjerningane fortel så: «Då tok Filip til orde, og medan han gjekk ut frå denne skriftstaden, forkynte han evangeliet om Jesus for han.»

Filip brukte altså Jes 53 til å forkynna evangeliet om Jesus, og viste at dette skriftavsnittet talar om Jesus. Då kunne han ikkje unngå å seia til hoffmannen: «Straffa vart lagt på Jesus», så du og eg skulle ha fred.»

Gjennom Filip si forkynning knytter NT straffeaspektet frå Jes 53 og med det frå GT generelt, direkte til Jesus og hans død – og gjer dette til del av «evangeliet om Jesus».

Johannes Kleppa