Guds ord – vårt arvegods

Alle som fylgjer litt med i teologi og kristenliv, må ha registret at det er stor debatt og mange spenningar knytt til Guds ord og bibelsynet, og når det gjeld lære og reformatorisk kristendom. 500-årsjubileet som vi nett har avslutta for reformasjonen, avhjelpte på ingen måte denne situasjonen – heller tvert imot. Bibeloppløysinga og læreoppløysinga synest berre å tilta både i fagteologien og i forkynninga.

Inn i denne situasjonen har det kome ei nyttig artikkelsamling om skriftsynet og reformasjonen, «Guds ord det er vårt arvegods». Eg får gjera merksam på at eg er litt inhabil når eg løftar fram denne boka. Eg har nemleg skrive to korte artiklar i boka sjølv, men dei er på ingen måte dei viktigaste eller beste i boka!

Dei ulike artiklane tek opp forskjellige sider ved bibelsynet ut frå Bibelens sjølvvitnemål, læremessig og kyrkjehistorisk. Samla gjev det ein god gjennomgang av bibelsynet og kva dette har å seia for eit reformatorisk kristendomssyn og for luthersk lære. Bok er eit fellesprosjekt for Norden, og med ein skribent også frå USA. Forfattarane kjem frå ulike luthersk kyrkjesamfunn og organisasjonar, men har det felles at dei trur at Bibelen er sann og påliteleg i alle delar, og har absolutt autoritet.

Eg skal sjølvsagt ikkje melda boka på vanleg måte her, men eg meiner ei bok av denne karakteren er svært viktig og aktuelle i dagens åndssituasjon. Eg vonar vener av Sarepta vil ta imot den hjelpa ein her kan få til å orientera seg i bibelsynspørsmål og til å ta den nødvendige kampen for Bibelens autoritet og sanning i dagens teologiske landskap. Boka fremjar ei bibelsyn i tråd med det Sarepta vil stå for.

Eg kan slutta meg til alt i boka, og eg kunne slik sett løfta fram alle artiklane. Eg vil likevel berre peika på to, som tek opp nokså ulike tema. Den eine er Ingvald Andre Kårbø, rektor ved Fjellheim Bibelskole, sin artikkel om krigane i Josva bok, dei såkalla Herrens krigar. Dette er bibeltekstar mange har problem med. Den andre er vår danske ven, Mikkel Vigilius, sin artikkel «Hvordan skal Bibelen fortolkes?» Her er sunn rettleiing både med tanke på å lesa og forkynna Guds ord på rett måte.

Johannes Kleppa