Tilsynsmenn for utsida av Guds hus

Vi står ved inngangen til eit nytt Herrens år. Herrens år vert gjeve oss personleg og i misjon. For begge delar gjeld det at vi brukar året slik Herren hadde tenkt.

Då israelsfolket kom heim frå eksilet i Babylon, bygde dei opp templet i Jerusalem og muren rundt byen. Det var eit stort og krevjande arbeid. Då det var gjort, fekk folk ulike oppgåver for den vidare tenesta. Nehemjas bok fortel korleis arbeidet vart fordelt. Nokre fekk ansvaret for det som skulle skje inne i templet, medan andre fekk ansvaret for det på utsida. Vi kan kanskje tenkja det var mest stas å ha ei oppgåve inne i Guds hus, men alt måtte gjerast.

I Bibelen Guds ord heiter det at nokre hadde «tilsyn med det som foregikk på utsiden av Guds hus». I min nynorske bibel står det at dei «stod for dei ytre gjeremåla ved Guds hus» (Neh 11,16). Det synest altså som at dette var praktiske oppgåver, omtrent som vaktmeisterteneste.

Eg vil med dette minna oss om at alle tenester i Guds rike må gjerast. Det er faktisk mykje praktisk arbeid som må gjerast om misjonsarbeidet skal fungera. Nokre må ha det praktiske tilsynet med bedehuset, det må gjerast vaktmeisteroppgåver og «ytre gjeremål» ved leirstader, skular og andre institusjonar – og det er mange andre praktiske oppgåver. For Sarepta sin del må det gjerast nokså mykje av denne typen arbeid ved Centro Sarepta. Skal ein betala for alt slikt arbeid, vert det fort dyrt. Praktisk arbeid er ei svært effektiv gjevarteneste i misjonsarbeidet.

Nokre har ansvaret for forkynning og undervisning, men det trengst også nokre som har tilsyn med utsida av Guds hus, og som tek seg av dei «ytre gjeremåla».

Første januar er starten på eit nytt år, men det er samstundes også Jesu namnedag. Med det vert året på dobbelt vis Herrens år. Det er i det perspektivet vi skal få utføra vår teneste. Det er ei teneste under og i Jesus namn, ei nådens teneste – same kva tenesta går ut på, men her vil eg gjerne løfta fram det som skjer på utsida av Guds hus, dei ytre gjeremåla.

Johannes Kleppa