Kvifor vart Gud eit menneske?

Det store spørsmålet knytt til julehelga og julebodskapen er: Kvifor vart Gud eit menneske? Då føreset vi at det er sant, det Bibelen fortel at «Ordet var kjøt og tok bustad hjå oss» (Joh 1,14), og at Jesus «tok ein tenars skapnad på seg, då han kom og vart menneske lik» (Fil 2,7).

Spørsmålet er det største og viktigaste av alle teologiske spørsmål, og svaret på det avgjer kva kristendom er. Den som er mest kjend for å ha reist spørsmålet, og som gjorde det med styrke, er Anselm av Canterbury. Rundt år 1100 skreiv han boka «Cur Deus homo», som nettopp betyr «kvifor Gud vart menneske». Denne boka vart som ein skiljestein i teologien. Svaret på spørsmålet vart utforma i det vi kallar «den objektive forsoningslæra». Denne går kort sagt ut på at Gud kom til jorda i sin Son for å sona verda si synd. Det skjedde ved at Gud i Kristus tok vår synd på seg, og let si eiga straff og sin eigen vreide ramma seg sjølv i Sonen på krossen. Vi talar difor om straffeliding i vår stad, eller på bokmål «stedfortredende straffelidelse».

Dei siste åra har det i fagteologien vore ein debatt om Jesu død og forsoninga. Det har kome til uttrykk både i Dagen og Vårt Land. Denne debatten går like inn i sentrum av kva kristendom er, og gjeld nettopp spørsmålet om kvifor Guds Son kom til jorda. Kva er poenget med jul, og i neste omgang med påske – og kva er samanhengen mellom jul og påske?

Det kan ikkje vera tvil om kva det bibelske svaret er, men for fornufta og kjenslene er det annleis. Det er mange bibelavsnitt som svarar på kvifor Jesus vart fødd, særleg ved å visa kvifor han døydde og kva som skjedde då. I samband med julehelga, som fokuserer på at Guds Son vart menneske, at Messias fekk ein lekam, kan vi løfta fram Jesus sitt eige (profetiske) svar: «Offer og gåver ville du ikkje ha, men ein lekam laga du til meg.» Og: «Ved denne viljen har vi vorte helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra ein gong for alle.» (Hebr 10,5;10, jfr. Salme 40,7-9)

Guds Son vart eit menneske for at han skulle få ein lekam som kunne bera synda vår opp på krossen, og der sona for denne – til vår frelse. Det er den teologiske julebodskapen!

Johannes Kleppa

 

Bilde: Fotolia