Regatta og havet

Eg har nett lese ei bok av Franklin Graham, «Navnet Jesus». Han er kjent både som son til Billy Graham, som evangelist, misjonsleiar og meiningsytrar– og i det siste fordi han nett var på ein stor møteaksjon i Oslo. Boka gjev eit positivt inntrykk av mannen og det han står for, men det er ikkje poenget her.

Graham fortel om ein som vann verdas kanskje mest prestisjefylte regatta, Americas Cup. Han heitte Bill Koch, og saman med mannskapet la han ned eit kolossalt treningsarbeid dei siste 18 månadene før regattaen, og det skjedde i området dei skulle sigla. Utgangspunktet hans var: «For å vinne regattaen, må du bli ett med havet.» Skulle det skje, måtte han trena i det havet han skulle sigla. Særleg viktig var det å kjenna vindmønsteret, slik at dei kunne få vinden til å arbeida for seg på beste måten. Dei måtte sjølvsagt også kjenna båten godt.

Dette synest eg er eit godt bilete på det å driva misjonsarbeid. Vi må kjenna bodskapen godt, men vi må også kjenna folket vi skal arbeida blant. Det gjeld å vera eitt med folket eit skal vinna for Gud. Det er ofte sagt at det var lekpreikarane sin store styrke at dei var eitt med det folket dei skulle preika for. Eg er ikkje sikker på at det er tilfellet i like stor grad i dag, med det skule- og kunnskapssamfunnet vi lever i. Dei lærte også forsamlinga å kjenna ved å vera der i lengre tid, og bu i bygda.

Det å vera eitt med folket ligg også til grunn for at Bibelen vert omsett til stadig nye språk, slik at Guds ord kan få lyda på folkets hjartespråk. Dette er også grunnen til at misjonærar lærer om folket og kulturen dei skal verka i, og at det er viktig at misjonærane lever blant folket over tid.

Som den som skal vinna ein regatta, må vera eitt med havet, må vi vera eitt med det folket vi skal vinna. Det gjeld for Sarepta sitt arbeid i Spania. Vi må ha folk som bur der, og som lever blant folket. Det gjeld også for den einskilde av oss når vi skal vinna naboen vår. Vi må vera eitt med folket i bygda eller i gata. Det er ei stor utfordring, men det er viktig. Det er lettare å nå fram med eit vitnemål der folk opplever at ein bryr seg om dei, eller der dei opplever oss som heilt fjerne. Også diakonien har ein viktig funksjon her, og det ser vi tydeleg i Franklin Graham sitt store internasjonale arbeid.

Johannes Kleppa

 

Bilde: Hentet fra nett via Portada Cristiana