Nådemidla – vegen til frelse

A man holds open a glowing book, that leads to life on a dead tree.

Eg har mange gonger skrive om nådemidla, og kor viktige desse er – særleg forkynninga av Guds ord. Eg skriv like fullt om det enda ein gong. Den avgjerande funksjonen nådemildla har i meddelinga av frelsa, ligg til grunn for Sarepta sitt «slagord» og «motto» om å laga møteplassar mellom folk og Guds ord.

Eg har undervist i truslære på Centro Sarepta dei siste vekene, og ein del av undervisninga har vore om skapinga, syndefallet og menneskesynet. Når ein går gjennom det som har med arvesynda å gjera, og at mennesket er åndeleg dødt, då kan det heile verka nokså vonlaust. Mennesket er etter sin natur utan evne eller vilje til å søkja Gud eller tru på han – trass i at frelsesverket er fullført ved Jesu liding og soningsdød i vår stad. Frelsa ligg klar, men menneske er ikkje i stand til å sjå det eller gjera seg nytte av frelsesverket. Det er mennesket sin posisjon ut fra Adams fall.

Berginga då er at Gud stiller nådemidla mellom frelsa og det fortapte mennesket. Ved Ordet og Anden vert mennesket opplyst om kva Faderen og Sonen har gjort til vår frelse, og ved det vert frelsesverket formidla til mennesket. Det skjer på ein så overtydande måte at mennesket kjem til tru. Dette er uttrykk for Ordets skaparmakt, den same skaparmakta som vi møter på Bibelens første blad då alt vart til av det som har vorte til.

Ordets nådemiddel kan alle bruka på seg sjølv, og det er avgjerande viktig at vi gjer det – ved å lesa og høyra Guds ord. Ordets nådemiddel kan vi også bruka på våre medmenneske gjennom vitnemål og forkynning, særleg der dette går saman med interesse og omsorg for vår neste. Vi må hugsa at ingen kan verta frelste utan at dei kjem i kontakt med Ordets nådemiddel, slik at dette får bringa dei frelsa. Av denne grunn er sant misjonsarbeid avgjerande viktig for folks frelse, og då ved å gje folk eit møte med Guds ord.

Jesus er vegen til Gud, og nådemidla er vegen til Jesus. Begge delar trengst like mykje for at folk skal verta frelste.

Johannes Kleppa

 

Foto: Fotolia