Den treeinige gud og religionane

treenigheten

Kristendommen skil seg får dei ulike religionane på mange måtar, og det er også store forskjellar mellom religionane. Det er likevel eit punkt som er heilt spesielt for kristendommen, og det er at den eine Gud er treeinig. Vi seier det er tre monoteistiske religionar, fordi både jødedommen, kristendommen og islam trur på ein gud. Det er sant, men det ber lett i seg ei mistyding, som stengjer for det eksklusive i kristentrua.

Tankemessig får vi det ikkje til å gå opp at Gud er tre og ein – treeinig. Det er eit paradoks, noko som verkar sjølvmotseiande, men som gjev god meining. Det aller mest sentrale i kristentrua går tilbake på at Gud er tre personar i eitt guddomsvesen. Det er ut frå dette alltid den eine Gud som handlar. Denne eine Gud er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, eller Israels Gud. Hans frelsesgjerning var knytt til Messias, og vi møter han i nytestamentleg tid i Kristus Jesus.

Når denne eine Gud handlar, gjer han det alltid ved ein av personane i Gud – Faderen, Sonen og Anden. Det er eit innbyrdes forhold i Gud mellom desse personane, og det gjer gudsforståinga radikalt annleis enn i dei andre monoteistiske religioane, særleg i høve til islam. I islam er Allah ein som gud styrer og krev underkasting. I kristendommen er Gud ein Gud som elskar. Kjærleiken er alltid eit relasjonsforhold, og i Guds vesen er dette ein kjærleik mellom personane Faderen, Sonen og Anden. Den kjærleiken som slik er i Gud, går over på oss ved  at vi er skapte i Guds bilete – og ved at vi er skapte som personar, kan vi elska kvarandre.

Denne Guds kjærleik kjem særleg til uttrykk i forsoninga og syndstilgjevinga. Det er berre i kristendommen det er ei frelse som Gud ordnar suverent sjølv, utan innblanding frå menneske. Forsoninga skjer i Guds eige vesen, i eit oppgjer mellom Faderen og Sonen, og som Anden openberrar for oss ved Guds ord. På denne måten vert Sonen den einaste vegen til Faderen, men då gjennom nådemidla som Anden brukar til å meddela oss frelsesverket og skapa tru på det.

Johannes Kleppa