Ein nasjonalheim for det jødiske folket

Flag

I desse dagar er det 100 år sidan den britiske utanriksministeren Arthur Balfour sende brev til sionistleiaren Lord Rothschild om at regjeringa hadde vedteke at det i Palestina – som var det dåverande namnet på store delar av det vi i dag kallar Midt-Austen – skulle skapast ein nasjonalheim for det jødiske folket («a national home for the Jewish people»). Det korte brevet med denne erklæringa er datert 2/11 1917.

Dette var ved slutten av den første verdskrigen, og England hadde på denne tida ei breidt samansett regjering, der fleirtalet var overtydde evangelisk kristne. Det var den britiske regjeringa som på denne tida hadde mandat til å utsteda ei slik erklæring, som fekk namnet etter underskrivaren – Balfourerklæringa. Denne vart dessutan stadfest av dei allierte under San-Remo-konferansen i 1920. Det var altså brei politiske oppslutning om å oppretta ein jødisk stat. Det skjedde likevel først etter andre verdskrigen og Holocaust.

Det er grunn til å merka seg at det i og for seg ikkje var eit land med namnet Israel som vart vedteke oppretta, men Balfourerklæringa seier altså at det skal opprettast ein nasjonalheim for det jødiske folket. Med det er landet definert som ein jødisk stat. Det skulle vera eit land der jødane kunne vera seg sjølve, og byggja landet på jødisk historie, identitet og i samsvar med jødisk tru. Jødane skulle med det mitt i all antisemittisme få eit land der dei kunne vera trygge, og få leva ut sin kultur.

Vi bør merka oss dette utgangspunktet for Israel som nasjon. Det er ein stat der det jødiske folket skal få styra seg sjølv, og der dei ut frå det kan ha grenser og militærmakt som kan sikra deira liv.

Vi ser stadig politiske utspel, særleg knytt til den såkalla «fredsprosessen», som er i strid med det jødiske premisset for Israel. Det er eit press i retning av at Israel skal opna seg for arabiske «flyktingar» og for arabisk innverknad generelt, slik at jødane etter kvart vil missa fleirtalet i landet, og Israel vil verta prega av islam. Eit Israel som ikkje er definert som jødisk, er ingen nasjonalheim for jødane. Eit slikt land vil ha lite og ingen ting å seia for det jødiske folket, og det vil vera eit anna land enn det som ligg i Balfourerklæringa.

Dette er det viktig å vera merksam på, særleg for kristenfolket – som i 2017 bør fylgja opp engasjementet til dei personleg kristne i den britiske regjeringa i 1917.

Johannes Kleppa