Ein draum om eit bønehus

Eg har i det siste både lese og skrive ein del om bøn. Det er ikkje fordi eg reknar meg som spesialist på dette, men fordi det av ulike grunnar har levd ein del i tanken min. Eg held for tida på med ei bok der bøn og Guds velsigning står sentralt. Det handlar om åndelege retreatsenter og bønehus. Det er underleg kva som kan skje der folk er i bøn, og der Guds velsigning får råda. Då dreier det seg ikkje om den store aktiviteten, men om ei åndsmakt som går ut frå bønesenteret.

Ordet og bøna har alltid gått hand i hand. No har det i landet vårt, og i Vesten i det heile, minka mykje på forkynning av Guds ord, og den forkynninga som er, er ofte sterkt utvatna og liberal. Diverre synest det som at bøna har minka enda meir, og det er kanskje ein hovudgrunn til endringa i forkynninga. Forkynning og bøn må sjølvsagt ikkje setjast opp mot kvarandre, men eg kjenner på ein trong til å utfordra når det gjeld bøn – ikkje minst i Sarepta sitt arbeid.

I Noreg har vi mange bedehus. Det gjev eit signal, sjølv om det heile tida har vore slik at bedehuset har vore eit allsidig hus med vekt på forkynninga. Alt arbeidet skulle likevel vera bore av bøn. Det er eit stort spørsmål om desse husa no ber namnet sitt med rette. Det er også slik at nye hus gjerne får andre namn, utan at det treng å bety så mykje.

Dei siste dagane har det hjå meg vakse fram ein draum om at Sarepta må få eit bønehus i Spania. Det er stort og rikt at vi har fått eit bibel- og opplæringssenter. Dette senteret kan svært gjerne også verta ei bønehus, men det kan også vera eit anna hus – til dømes eit nabohus. Det ville vore flott om vi kunne ha ein stad der folk kunne koma for kortare eller lengre tid og be, altså der dei var stille for Gud i bøn og ettertanke. Det er svært bra at det kjem folk – unge og eldre – til Centro Sarepta for å studera Guds ord og for rekreasjon. Kunne også nokre koma med den oppgåve å be og velsigna folk og arbeid i Jesu namn, ville det gje store perspektiv – også over bibelundervisninga og forkynninga.

Draumar kan vera så mangt, og ofte er dei urealistiske, men dei kan også gå i oppfylling!

Johannes Kleppa