Bønn som misjonsarbeid

Eg er for tida i Spania og skal undervisa nokre timar på Centro Sarepta om bønn. Det er eit tema eg på ingen måte er spesialist på, korkje når det gjeld lære eller praksis. Slik sett er eg vel i bås med dei fleste, men alle Guds barn veit at bønn er viktig og praktiserer det til ei viss grad.

Som ledd i førebuinga til undervisninga har eg på nytt lese ein del om bønn, og på nytt vorte påminna om det eg visst frå før, men som så lett går i gløymeboka i det daglege kristenlivet. Det gjeld bønn og forbønn som ein viktig del av misjonsarbeidet. Då snakkar vi om systematisk bønn over tid, der ein set av rom til bønn i kvardagen.

Både når ein ser i Guds ord og i misjonshistoria, ser ein at bønn har spela ei avgjerande rolle ved oppstart av nytt misjonsarbeid, gjennombrot i misjonsarbeidet, vekking og forsamlingsvekst. Det er mange vitnemål om kva einskildpersonar si vedhaldande forbønn har gjeve som resultat. Fokuset er ofte på predikanten og det som ytre sett skjer ved vekking og vekst, men det indre arbeidet i bøn har vore det usynlege mineringsarbeidet som har lagt til rette for Ordets sprengkraft. Det same gjeld det prioriterte bønnearbeidet i åndeleg sunne og åndskraftige forsamlingar.

Når eg les slike historier, og samanliknar med slik eg kjenner det kristne arbeidet frå mine samanhengar, og slik eg kjenner mitt eige bønneliv, vert eg skamfull – og eg undrast over kvifor det er som det er med bønnearbeidet generelt i landet vårt og i mitt eige liv. Vi veit jo ut frå Guds ord og ut frå misjonshistoria kor viktig bønn er. Kvifor prioriterer vi då denne delen av misjonsarbeidet så lågt?

Vi seier ofte at vi kan be over alt og når som helst, og at vi ikkje treng bruka mange ord, men sukk er nok. Det er i og for seg rett, men all erfaring viser at det er der det er sett av tid til systematisk bønn i møte med ein open bibel, at det også vert mest av bønnesukk gjennom dagen. Det systematiske og vedhaldande bønnearbeidet krev tid, ro og orden.

Eg skriv desse line vel så mykje til ettertanke og utfordring til meg sjølv som til andre, og eg skriv det med tanke på arbeidet vi no har starta opp ved Centro Sarepta. Resultatet av arbeidet vil i stor grad vera proporsjonalt med bønnetenesta knytt til senteret.

Johannes Kleppa