Eit hus og Herrens Ande

IMG_1023

Den 28. september 2017 var det opningsfest for Bibel- og opplæringssenteret og vigsling av Centro Sarepta. Det var ein stor og viktig dag for Misjon Sarepta sitt arbeid i Spania. Mange ville vera med på denne hendinga. Dei fleste var norske som var i området rundet Alfaz del pi denne dagen, men også nokre spanjolar kom.

Rett nok var dette ikkje noko originalt, verken i kristen samanheng eller generelt. Det er eit utal tiltak som er opna med fest og det er mange hus som er vigsla i Guds namn opp gjennom tidene. Også i verdslege samanhengar er det vanleg med opningsfestar og høgtidleg innviing av viktige bygg.

Det er like fullt ei stor og viktig sak når noko nytt vert opna og vigsla. Alt vert helga ved Guds ord og bøn, seier Skrifta.

Det er mange store og viktige bygg som er reiste opp gjennom historia, og Centro Sarepta vert slik sett heller lite – men det er like fullt viktig. Det er to bygg som her står i ein særstilling i historia. Det eine var lite og langt frå prangande. Det andre var stort og flott. Begge var bustader for Herren. Det første var tabernaklet som Moses fekk teikningane til på Sinai, og som fylgde israelsfolket gjennom ørkenen. Det andre var templet som Salomo reiste i Jerusalem, etter at David hadde førebudd det heile.

Både då tabernaklet og templet vart vigsla på høgtidleg vis, tok Herren bustad her. Det skjedde ved at den skya som hadde leia Israel frå utvandringa frå Egypt, fylte først tabernaklet og så templet. Ved det tok Gud ved sin Ande bustad her. Ytre sett var det stor skilnad på det teltet som utgjorde tabernaklet, og den solide bygningen som templet var. Innhaldet var like fullt det same, Herrens Ande.

Det er også stor forskjell på den fincaen (herregarden) som Centro Sarepta er, og tabernaklet og templet. Innhaldet kan og må likevel vera det same – Herrens Ande. Centro Sarepta er ein fin eigedom og ein bygning med historie og «sjel», men det er berre Herrens Ande som kan gjera plassen til eit åndssenter, ein misjonsstasjon og ein stad for opplæring i Guds ord.

Johannes Kleppa