Diakoni er del av sant misjonsarbeid

I boka «Trådene i samfunnsveven» vert det løfta fram mange sider ved det reformasjonen har hatt å seia for landet vårt, ut over det som gjeld sjølve frelsesspørsmålet. Det er interessant lesnad, og ikkje minst politikarar av alle valørar burde lesa denne boka.

Her skal vi berre peika på ei sak, fordi denne også er aktuell for Sarepta. Det gjeld diakonien. Når vi les Bibelen, både GT og NT, ser vi at det stadig vert peika på at det høyrer til trua på den sanne og gode Gud å gjera gode gjerningar, hjelpa folk som av ulike grunnar treng hjelp. Av denne grunnen har det å gjera godt mot sin neste fylgt den kristne kyrkja like frå aposteltida til vår tid, og det har vore ein viktig del av vitnetenesta og hatt mykje å seia for utbreiinga av evangeliet. Denne delen av forsamlings- og misjonsarbeidet har gått under fleire namn, som barmhjertighetsarbeid, sosialt arbeid og diakoni.

Det dokumentet som styrte innføringa av reformasjonen i Noreg i 1537, både teologisk og organisatorisk, var Kyrkjeordinansen. Her har diakonien ein sentral plass, men det starta med Kristenretten på Mostratinget i 1024. Det er ikkje staten, men kyrkja som har gått i spissen for å hjelpa fattige, sjuke og andre i nød. I bistandsarbeidet internasjonalt vert det gjerne spurt kva ekstra ein organisasjon kan bidra med («added value»), men for kyrkjer og kristne organisasjonar er diakonien seg ikkje noko «ekstra» eller eit «tillegg», men det dreier seg om basisen, noko ein ikkje kan la vera å gjera («basic value»).

Også Sarepta må tenkja på denne måten, og eg er svært spent på kva det praktisk vil innebera framover – og då tenkjer eg i første rekkje på Spania. Vi har gjennom to-tre år arbeidd for å få kontakt med folk, og vi har hatt ei rekkje møte rundt omkring og nokre bibelkurs. I vår fekk vi på plass Centro Sarepta, og vi har kome i gang med bibeldagar og andre aktiviteter, og no står vi på startstreken for Bibel- og opplæringssenteret – og eg ser fram til opninga av dette om få dagar. Då har vi kome ei langt steg med tanke på ein møteplass mellom Guds ord og menneske. Det gjeld så om at det vert eit rett møte, slik at det vert ei sant møte med Gud til frelse og nytt liv.

Når og på kva vis skal vi nå eit neste steg, med diakonalt arbeid? Når skal vi koma så langt at vi får gje eit møte mellom den gode gjerninga som ligg i nestekjærleiken, til hjelp for folk som treng det – og til eit vitnemål om den gode Gud?

Johannes Kleppa