Ettertankens tid

Alle har nok fått med seg at vi har hatt val i dette landet, og at det for nokre parti ga godt resultat og for andre dårleg. Dei som gjorde det godt, jublar, medan dei som gjorde det dårleg, har fått mykje å grubla over. Dei har kome inn i ettertankens tid, og må finna ut av kvifor det gjekk som det gjekk. Alle vi som er interesserte i samfunnsspørsmål og politikk, har nok tankar og meiningar om dette, men det skal eg ikkje gå inn i her!

Poenget mitt no er at det er spesielle tider i livet for ettertanke. For politikarar er ofte valtider slike tider. Det går likevel meir på ytre forhold enn på det reint personlege, sjølv om valresultat kan ha nokså mykje å seia også for einskildpersonar. Personlege livssituasjonar kan føra til ettertanke, men her vil eg løfta fram dei ettertankens tider som ulike livsepokar ber i seg.

Tenk på Skaparen din i ungdomens år, før dei vonde tidene kjem, er Guds oppmoding til dei unge. Ungdomstida er også ei ettertankens tid for utdanning og yrkesval, og for mange for val av ektefelle. Ungdomstida er med det ei ettertankens tid på mange viktig livsområde. I dette treng dei unge forbøn og rettleiing.

Når ungdomstida er over, og ein kjem inn i manndommen, der mykje er etablert og går i faste former, synest det ofte som det er lite ettertanke. Livet går liksom av seg sjølv og er styrt av familie og arbeid, og med det tilpassar ein seg umedvite det som er gjengs i tida. Det er uheldig, og det kan gje seg mange negative utslag – ikkje minst kristent sett. Det fører lett inn i ein livsstil der Gud har liten eller ingen plass, og der livet vert materialistisk og praktisk ateistisk. Perioden mellom ungdom og alderdom burde vera ei meir ettertankens tid enn ho er. Kva prioriterer ein, og kva brukar ein livet til? Har det verdi for æva det ein steller med, eller går det opp i og forsvinn med dei materielle tinga?

Alderdommen er gjerne ei ettertankens tid med tanke på livet som ligg bak og med tanke på døden, og det som kjem etter døden. Det er ein nødvendig og god ettertanke, men har livet vore materialistisk og sekulært, vil det også lett prega tanken ved livets avslutning. Då får ikkje Bibelens ord om at æva er nedlagt i menneskehjarta, den rette plassen. For kristne kan dessutan alderdommens ettertanke føra med seg uro og anfekting med tanke det livet ein har levd, og då trengst den trøysta som ligg i Jesu fullbrakte frelsesverk, og at han talar vår sak for Gud ved at han viser seg for Guds ansikt i vår stad.

Johannes Kleppa