Misjon og politikk

Det vert til tider sagt at kristendom og politikk ikkje må blandast. Det er noko i det, men det er langt frå heile sanninga. Kristentrua ber i seg dei avgjerande etiske elementa som må liggja til grunn om eit samfunn skal fungera godt over tid. Kristentrua er samstundes mykje meir enn det som kjem til uttrykk i politikken. Det dreier seg om æva og frelsa.

Misjon og politikk er heller ikkje identiske storleikar. Like fullt har misjonsarbeidet viktige konsekvensar med tanke på samfunnet og med det konsekvensar av politisk karakter. Det kan det vera nyttig å minna om no når valdagen nærmar seg. Det har vore mykje fokus på verdiar i dette valet, men det har ikkje alltid vore like lett å få auga på kva som ligg i verdisnakket. Misjon ber i alle fall i seg verdiar som er viktig, og som mange er opptekne med, men som svært mange ikkje trur har noko med misjon å gjera.

Sosiologen Robert Woodberry har gjort eit svært omfattande forskningsarbeid for å finna ut om det er ein samanheng mellom protestantisk misjon og demokratiet. Dette forskningsarbeidet er presentert av Knud Jørgensen i boka «Trådene i samfunnsveven» i artikkelen «Misjonærene – bedre enn sitt rykte?». Her kjem det tydeleg fram at der det er har vore omfattande evangeliske misjonsarbeid med fokus på vekking og omvending, har dette hatt mange positive konsekvensar for samfunns- og kulturlivet. I områda med protestantisk misjon har det vokse fram demokrati i langt sterkare grad enn andre stader.

Hovudsaka i misjonsarbeidet er at folk skal verta frelste, men misjon har også alltid lagt vekt på etiske spørsmål og utvikling av samfunnet, ikkje minst gjennom skulearbeid og det trykte ordet. Dette har betra levekåra, skapt sterke sivilsamfunn og utvikla demokrati. Forskninga som viser dette, er såkalla signifikant, altså at resultata er heilt sikre.

No er det slik at vi knapt treng forskning for å fastslå dette. Det ligg i sjølve kristentrua at det må verta slik, og vi kan dessutan sjå på kva som har skjedd i vårt eige land og i Europa generelt – til forskjell frå muslimske land og andre kulturar. Det er likevel greitt å få det forskningsmessig fastslått, så er det ikkje så lett å koma forbi for dei som sverger til det sekulære og ser all religion, og særleg kristendommen, som eit problem og eit hinder for positiv utvikling.

Johannes Kleppa