Valkamp – norske og kristne verdiar

Vi har fått ein litt uvanleg og uventa valkamp ved at verdispørsmålet har kome i fokus. Rett nok er det vanskeleg å få tak i kva mange meiner når dei snakkar om verdiar. I dagens åndsklima er dette eit postmoderne omgrep som ein kan leggja inn i det ein sjølv vil. Ein definerer altså verdiane i stor grad sjølv, og legg sine subjektive oppfatningar av verdispørsmålet til grunn. Rett nok viser ein både til norske og kristne verdiar, men det er nokså flytande og relatvit kva kva det inneber.

Det å tala om verdiar knytt til ein nasjon, er vanskeleg, og det seier i alle fall ikkje noko om det dreier seg om gode eller dårlege verdiar, om dei er uttrykk for noko som er rett eller gale. Denne typen verdiar er i seg sjølv ikkje normative, og må med det prøvast på ytre normer. Nasjonale verdiar vil endra seg over tid. Det ser vi tydeleg i vårt land om vi tenkjer på landet før kristninga, kva verdimessig endring som kom ved kristendommen og kva ny endring (tilbakevending) som har kom med avkristninga og sekularismen. Samanliknar vi til dømes norske, svenske, russiske, kinesiske, japanske, arabiske og afrikanske verdiar, vil vi fort oppdaga nasjonale skilnader i verdispørsmål.

Det som vert omtalt som norske verdiar, må vera grunnleggande trekke i folket og landet, og som kan definerast historisk og sosiologisk. Det er slikt som vi finn over tid og som pregar samfunnet.  Kva det er, og kva som er positivt og negativt av dette, vil det vera usemje om.

Det kan vera at vi har ein norsk verdi som er spesifikk og positiv, nemleg dugnad. Dugnadstradisjonen og dugnadsånda byggjer på fellesskapet og styrkjer dette. Det er uttrykk for at vi hjelper kvarandre og gjer noko til felles beste. Det kan synast som at denne verdi er i ferd med å tapa seg, diverre. Det vil i så fall gje eit kaldare samfunn.

Den grunnleggjande kristne verdien med tanke på folk og samfunn, må vera nestekjærleiken. Den set Bibelen på line med kjærleiken til Gud. Nestekjærleiken skal styra normativt kva som er rett og godt med tanke på lovgjevinga i samfunnet, og han skal styra forvaltinga av ressursane slik at vi får rett fordeling, særleg med tanke på dei som har det vanskeleg.

I dagens samfunn er det særleg på to på område det vil visa seg om ein kjempar for kristne verdiar eller ikkje. Det første gjeld livsrett og menneskeverd – med tanke på barnet i mors liv, livets avslutning og alt som har med sorteringssamfunnet å gjera. Det andre gjeld ekteskap og familie – at samlivet og ramma for borna sin oppvekst er det livslange ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne.

Johannes Kleppa