Guds ord og Guds klokke

Guds ord står fast, og Guds klokke går alltid rett. Det kan til tider likevel vera vanskeleg for oss å forstå oss på både Guds ord og Guds klokke. Då gjeld det å halda fast på at Gud er sannordig, og at han oppfyller sine lovnader i si tid. Det gjeld både i det stor perspektivet og i det vesle, i Guds styring av verdshistoria og Guds leiing i våre liv.

I det siste har eg lese i Første Kongebok om kong Salomo og delinga av Israel etter hans kongetid. Der talar Gud fleire gonger til Salomo om korleis det vil gå om han og folket held seg til Guds ord og sann gudsdyrking, og korleis det vil gå om dei vik av frå Herrens vegar og dyrkar avgudar. Gud forkynner i og for seg ikkje noko nytt til Salomo, han har sagt det same til Moses. I Guds pakt med Israel inngår det både eit lovnadsord og eit domsord, og Gud er tru mot begge sine ord.

Salomo er lenge tru mot Herren i kongsgjerninga si, slik David hadde vore. Han bygger både tempel og kongsgard, og fremjar med det sann gudsdyrking og gjer kongedømet fast. Mot slutten av livet vik han likevel av frå Herrens veg, og det fører til at riket vert del. For Davids skuld ventar Herren med sin dom til Salomo er død, men Guds klokke går sin sikre gang.

Herren hadde tilsagt sitt nærvær i Israel og Jerusalem ved at han ville bu i templet. Av den grunn var Jerusalem og templet så viktig for jødefolket. Om folket svikta, ville Jerusalem og templet verta øydelagt. Det ville vera eit uttrykk for Guds dom over folket ved at han forlet dei – men ikkje for all tid. På tilsvarande måte hadde Gud lova at det skulle vera ein konge av Davids ætt i Israel, og i den lina skulle Messias koma. Difor ville det vera eit stort slag for Israel om det vart brot i kongslina etter David.

Ved delinga av Israel sytte Gud difor at det vart ein konge av Davids ætt i Judariket, og at templet og gudsdyrkinga der var på plass. Då heller ikkje folket i Judariket høyrde på profetane med Jeremia i spissen, vart Jerusalem og templet lagt i ruinar, og Davids kongedøme tok slutt. Herrens ord gjekk i oppfylling og Herrens klokke gjekk rett, ved at jødefolket vart ført til eksilet i Babylon. Herrens ord slutta likevel ikkje der, og Herrens klokke stopp heller ikkje. Frelseslovnaden vart oppfylt i Herrens time ved Messias, og Israel er også framleis innan Herrens plan.

Johannes Kleppa