BASAR PÅ FRØYLAND FORSAMLINGSHUS

Det blir basar på Frøyland Forsamlingshus fredag 1. september kl. 1900. I tillegg til den årlege basaren med åretrekningar og hovudtrekning, skal vi i haust ha sal av mange fine heimelaga gjenstandar. Du kan sikre deg fine julegåver i god tid, eller kjøpe noko fint til deg sjølv.

Inntektene går til det nye bibel- og opplæringssenteret i Spania, Centro Sarepta, der vi håpar at mange skal få eit frelsande møte med Jesus Kristus.
Hans Bergane vil tale og Elisabeth Gjerde vil synge.
Det vert servert gode kaker og kaffi til alle som vil ha.

Ta med deg ein nabo, venn eller familie og kom på basar.

Basar 1Basar 4IMG_1397IMG_1402IMG_1392

Hilsen komiteen