Sarepta etter tre år – utviklinga og forventning

Den 1. august var det tre år sidan første arbeidsdagen for Misjon Sarepta. Til grunn for oppstarting av dette arbeidet låg eit konkret og personleg kall til å nå spansktalande med Guds ord. Det skjedde også ut frå ei sterk erkjenning av at det i Spania er svært lite evangelisk forkynning. Samstundes er Spania på mange måtar ein smeltedigel for mange folk, men der spansk er det som bind saman.

Hit kjem folk frå Sør-Amerika. Fleire av desse er evangeliske kristne, men det er vanskeleg for dei å finna stader der dei kan høyra evangelisk forkynning. Det går ut over trua. Hit kjem også arbeidsinnvandrarar frå Nord-Afrika. Desse er muslimar frå land som er lukka for kristen verksemd, men i Spania kan ein nå dei fritt med frelsens bodskap. Til Spania kjem også folk frå Norden og frå andre europeiske land. Det er med andre ord på mange måtar eit strategisk land med tanke på misjon, men ingen norsk luthersk misjonsorganisasjon har satsa her før. Fram til 1978 var berre den katolske kyrkja lovleg i landet.

  1. august for tre år sidan starta vi med tom konto, men med to tilsette. Dei var nok innstilte på at dei ikkje kom til å få full løn frå starten av, men det fekk dei – og det har dei fått heile tida. Rett nok såg det mørkt ut til jul første året, men ved å selja ein motorsykkel Sarepta hadde fått, ordna det seg!

Arbeidet har vorte bygd stein på stein. Til tider skulle ein ønskt det hadde gått raskare, og at ein hadde nådd lengre ut med Guds ord. Regelen om at «ting-tar-tid» gjeld alle stader, men ikkje minst i Spania. I det arbeidet passerer tre år, har vi fått ein liten stab med folk, og arbeidet er kome inn i ein ny fase ved at Centro Sarepta er oppe og går. Det er mange som har ønskt Sarepta velkomen til Spania!

Då arbeidet vart starta, var det nokre viktige element som låg til grunn for tenkinga. Det var ikkje utarbeidd ein nøyaktig strategi, men ut frå nokre hovudelement tenkte ein at vegen fekk verta til medan ein gjekk – og slik har det vore. Det var viktig å få oppretta kontaktar rundt omkring, særleg inn i det vesle evangeliske arbeidet som skjer i ca. 500 av dei omtrent 8000 kommunane i Spania. Det å få kontakt med einskildpersonar er avgjerande. Det er langt ned mykje arbeid i dette. Ein ville også prøva å få til preikestader rundt om. Det har nok vist seg vanskeleg, sjølv om det er ein god del stader evangeliet har lytt på spansk. Det å oppretta møtestader mellom Guds ord og folk, er ein hovudstrategi for Sarepta – i Spania, som i Noreg og andre stader.

alicanteIMG_0947

Den store tanken like frå stiftingsmøtet var å få eit bibel- og opplæringssenter der ein kunne samla både spansktalande og nordisktalande i lengre periodar over ein open bibel. Etter å ha arbeidd intenst med dette i over to år, var det ein milepæl då vi i mars fekk kjøpa Centro Sarepta, og kunne opna det midt i juni. Det vert ein ny historisk dag når vi kan opna det vi kallar Bibel- og opplæringssenter i slutten av september. I prosessen fram til dette har vi opplevd at dør etter dør vart stengd, men knytt til det senteret vi no har fått, har vi opplevd at dør etter dør har vorte opna på forunderleg vis.

Bytte av sjekk mot nøkkelJt og Arild

Det er med forventning til Herren vi ser framover, og det er i tillit til at det er nokre som har syn for dette arbeidet, som støttar det – og at denne flokken vert stadig større.

Johannes Kleppa

Hovedbilde: Jan Tore Olsen taler i Granada