Spiss og breidde i misjonsarbeidet

Slik vi kjenner misjonshistoria, har misjonsarbeidet alltid hatt både ein spiss og ein breidde. Det har sin bakgrunn i Guds ord. Spissen har vore at folk måtte verta frelste. Breidda har vore at folk måtte få hjelp også her og no. Spissen har kome til uttrykk i eit omfattande evangeliseringsarbeid og bygging av kristne forsamlingar med alt det inneber. Breidda har kome til uttrykk ved skulearbeid, helsearbeid, jordbruksprosjekt og mange typar hjelp til å skaffa seg inntekter til livets opphald.

På heimesida til Sarepta har dagleg leiar Hans Bergane i det siste skrive fleire utfordrande artiklar om smerta over dei som går fortapt og med det smerta i misjonsarbeidet, som samlar seg i han som er omtalt som «Smertenes mann». Det er ei heilt nødvendig påminning, og det viser kor spissen i arbeidet er og må vera – for Sarepta, som for alt sant misjonsarbeid. Hovudsaka er altså at folk må verta frelste, og det var med det siktemål at Jesus kom til jorda for å sona folkets synder.

I Sarepta treng vi mykje visdom for at spissen i misjonsarbeidet verkeleg skal vera der. Det vil nok visa seg å vera eit stor utfordring å koma så tett på det spanske folket og andre som oppheld seg i Spania, at vi kan få forkynt Guds ord for dei. Vi har like frå etableringa av Sarepta sett det slik at eit bibel- og opplæringssenter ville vera ein god strategi for å gje folk evangeliet på ein måte som ber varige frukter. Sidan Spania er eit katolsk land med sterke kulturtradisjonar som har dette som bakgrunn, er det i folket ein viss kristen kunnskap, men evangeliet er i liten grad openberra for folk.

Skal kristenlivet og det kristne arbeidet få og ha den rette åndelege berekrafta, må det vera knytt til kristne forsamlingar. Bibel kjenner ikkje kristenliv og kristent arbeid utan at det er knytt til ei kristen forsamling, altså til ein kyrkjelyd eller ei menigheit. Det vert spennande å sjå korleis Sarepta sitt arbeid vil utvikla seg med tanke på dette. I første omgang kan vi vera til hjelpa for nokre av dei (små) evangeliske forsamlingane som finst i Spania, og vi kan vera til hjelp for einskildkristne rundt om. Korleis det vil verta på sikt, vil framtida visa.

Sarepta bør også tenkja breidde i arbeidet, om det enn ikkje kan verta omfattande i starten. Vi har difor heilt frå starten også vore opptekne med at vi bør få til eit diakonalt arbeid, der vi kan få hjelpa folkegrupper som er i nød eller einskildpersonar som har det vanskeleg. Her er vi komne kort enda, men litt er på gang. Ved ein eigedom som Centro Sarepta bør det vera mogleg å få til noko også på dette området, og då slik at det diakonale, forkynninga av evangeliet og undervisninga i Guds ord går hand i hand.

Johannes Kleppa