Sommartankar frå Centro Sarepta

Som alle Sarepta-venner sikkert har fått med seg, har vi opna Centro Sarepta for gjester som vil kombinera ferie med forkynning av Guds ord. Det drog så langt ut på ettervinteren før vi fekk overta eigedomen, at det vart lite tid til PR for senteret, og folk flest hadde alt ordna seg med ferieopphald, så det er heller få som nyttar seg av senteret denne første sommaren, bort sett frå fullteikna ungdomsleir i august. Staden viser seg å vera ypperleg for konseptet «bibel og ferie», så det vil nok koma meir folk etter kvart.

Eg har fått høve til å vera her i 2-3 veker, der eg deltek med forkynning, vertskapsoppgåver og praktisk arbeid. Sjølv om det er ein flott og godt halden eigedom, er det mykje som må gjerast når det skal verta ei ny drift i høve til det som har vore her før. Både inne og ute, og ikkje minst sjølve opplegget for drifta, krev mykje i starten, for at det heile skal verta tenleg. Ein eigedom av denne typen vil dessutan konstant krevja ein god del tilsyn og vedlikehald – så her vil vera mykje trong for dugnadshjelp framover.

Dagleg leiar Arild Melberg står på seint og tidleg for å få ting på plass, og han gjer stadig nye erfaringar av at tankegangen og byråkratiet er annleis i Spania enn i Noreg. Det skaper stadig nye utfordringar og krev tid, men stadig meir kjem på plass. Det er eit utal av små og store ting som må i boks, både administrativt og praktisk. Noko er enkelt og greitt, medan anna er nokså ukjent terreng og utfordrande. Den klassiske og positive kommentaren frå Arild er då: «Det må vi berre finna ut av!» Det er ikkje tvil om at vi har fått den rette daglege leiaren, og nett no har han dessutan si god kone, Ingibjørg, som «medhjelp» på senteret.

Gjestene som er her no, er pionerar, og det fungerer godt, samstundes som ein gjer erfaringar med bygget og plassen. Det store utfordringa denne sommaren vert å ta imot over 40 ungdomar på ein god måte, men eg er overtydd om at det vil gå bra!

Johannes Kleppa

 

Velkommen til Centro Sarepta! Sjekk hjemmesiden her: Centro Sarepta