Evangeliet – Gud kjem til oss

Vi er midt 500-årsjubileet for reformasjonen. Det gjer at vi også er midt i eit bokår for Martin Luther og alt som kan knyttast til reformasjonen. For den som er interessert i teologi og kyrkjehistorie, er det eit år der ein har det som plomma i egget. Det har så langt kom ut mykje og god litteratur om kva som var og er kjernen i reformasjonen og i luthersk kristendomsforståing. Sjølv om det i dei ulike bøkene er ein del som går att, er det også ulike innfallsvinklar og ulike typar stoff. Både Luther og reformasjonen var allsidig!

Eg les for tida ei dansk bok av Asger Chr. Højlund, professor ved Menighedsfakultetet i Danmark, «Urimeligt godt nyt». Det er ikke ein biografi om Luther, men meir ein tematisk gjennomgang av viktige teologiske moment hjå Luther – eller som undertittelen seier det: «Luthers reformatoriske opdagelse og dens konsekvenser».

Poenget for Martin Luther var å forstå dei bibelske tekstane rett, og ved det skjedde gjenoppdaginga av rettferdiggjering ved tru, som var reformasjonens kjernepunkt og dreiepunkt. Denne rettferdiggjeringa er knytt til Kristus, idet han kjem til oss med henne og gjer seg til eitt med oss. Poenget i evangeliet er Gud ved Jesus kjem til oss. «Hele retningen i evangeliet er en retning fra Gud til oss,» påpeikar Højlund.

Jesus kom til oss ved inkarnasjonen. Guds Son vart eit menneske. Den evige gjekk inn i tida. Himmelen kom til jorda. Jesus kom ikkje berre til oss ytre sett, men han gjekk inn i våre kår og inn under vår synd, slik at vår synd vart hans. Det var grunnlaget for forsoninga, ved at Faderen då ved å straffa Sonen, straffa oss og vår synd.

I forlenging av at Jesus kom til oss ved at han vart menneske, kjem han til oss når evangeliet vert forkynt. Han kjem med Ordet om seg sjølv og si gjerning for oss som føter. Ved sitt kome gjennom Ordet om krossen skaper Gud trua, og ved denne flytter Jesus inn i våre liv, slik at han gjeld for Gud for oss. Det er Guds gode gjerning for oss, og denne gjerninga gjer han gjennom Jesus.

«At tro er at høre beretningerne sådan, at vi ser Jesus som en, der kommer til oss og gør godt imod oss. Ja, som en, der bogstaveligt talt gør sig til ét med os,» skriv professor Asger Chr. Højlund.

Johannes Kleppa