Bodskap og kraft

Påskebodskapen forkynner oss at alt som har med kristen tru og forkynning å gjera, dreier seg om Ordet om krossen, eller som apostelen også seier: «Eg vil ikkje vita av noko hjå dykk, utan Kristus Jesus, og han krossfest.» Dette er det avgjerande viktig å halda fast på både på det personlege planet og i forkynninga. Det inneber ikkje ei innsnevring av Guds ord eller ei smalspora forkynning, men det ber i seg ei spesiell orientering i trua og forkynninga. Då får alt Guds ord, i truslivet og i forkynninga, sitt rette perspektiv, si rett orientering og sin rette dynamikk. Då får Guds ord vera den Guds kraft som det i sanning er. Sjå dei tre første kapitla i 1. Korinterbrev.

Pinsebodskapen forkynner oss at Guds Ande kjem over Guds folk, slik at ein får kraft til å vera vitna like frå sitt nærmiljø til endane av jorda. (Apg. 1,8) Det ser vi tydeleg ved apostlane, ved det som skjedde i pinsehelga, og kva konsekvensar det fekk i livet deira. Anden er den same i dag, og Gud utrustar med Ande og kraft no som han gjorde då. Pinsebodskapen er difor avgjerande både med tanke på vårt personlege liv og vår teneste. Anden utrustar med nådegåver og med åndskraft.

Det er ein indre og åndeleg samanheng mellom påskebodskapen om Ordet om krossen, og at dette ordet er Guds kraft, ved at Ordet er framkome ved Anden og at Anden har teke bustad der. Ordet er Andens sverd. Det er ikkje orda i og for seg som er krafta og sverdet, men den bodskapen som Ordet formidlar, altså ordet om Kristus, den krossfesta. Skal Anden få verka med kraft, må det vera ut frå ei rett forkynning av Jesus og frelsa. Anden verkar ikkje direkte eller gjennom lause lufta, men med Ordet og bodskapen. Om vi ikkje let Ordet om krossen stiga fram på rett måte, altså ut frå og med sikte på Jesus og forsoninga, misser Kristi kross si kraft.

Vi som er opptekne med ei sentral og solid forkynning, må ikkje verta så teoretisk fokuserte på dette, at vi gløymer pinsebodskapens ord om Andens kraft og utrustning. Vi trur ei luthersk-roseniansk forkynning ber i seg den rette og frigjerande bodskapen frå Herren, men dette må gå saman med at vi, som apostlane, forkynner dette med Andens openberring og kraft.

Johannes Kleppa