Etter Kristi himmelfart

Vi har nett feira Kristi himmelfartsdag, det vil seia at vi har vel helst passert denne dagen utan noko feiring. Det er nok den kristne høgtidsdagen det vert lagt minst vekt på, både fordi det dreier seg om berre ein dag og det midt i veka, og fordi ein ikkje har fått med seg kor viktig denne dagen er i frelseshistoria. Ved å ta fri på fredagen, får ein langfri, og det opplevest bra. Det er svært lite møteverksemd denne dagen, og ein brukar heller ikkje den sjansen vi her har til samling over fleire dagar.

Det er eit generelt problem at dei kristne høgtiden ved den utviklinga av ferie- og fritidskulturen som velstandsutviklinga har ført med seg, har vorte reine ferietider, og i liten grad tider for konsentrasjon om forkynning av Guds ord. Det er jo det siste som er poenget med dei ekstra helgedagane historisk sett. Det kan vera at det no er ei viss vakning på dette området blant Guds folk. Fritids- og feriekulturen skaper noko av den same utfordringa for søndagen, samstundes som det er søndag kl. 11.00 som stadig tydelegare utkrystalliserer seg som nesten det einaste tidspunktet for samling av Guds folk. Dette gjer at mykje av Guds folk sjeldan høyrer Guds ord forkynt, i alle fall med substans.

Det er to hovudmoment knytt til Krist himmelfartsdag. Det eine er at Jesu gjerning på jorda var fullført, alt som trongst til vår frelse var gjort. Då kunne han forlata jorda. Det andre er at han på nytt gjekk inn i Guds himmel, men no som ein annan enn han hadde forlate himmelen, og med ei ny oppgåve i himmelen.

Jesus kom tilbake til himmelen med naglemerka hender, som forsonar. Det hadde ikkje vore naglemerka hender i himmelen før, ut over det som låg i utvelginga og lovnaden. Hovudsaka i dette er ikkje berre at Jesus kom tilbake til himmelen på denne måten, men at han steig fram for Gud, og der no konstant openberrar seg for vår skuld. Han står med sine naglemerka hender som soning for Guds åsyn. Gud ser med sine eigne augo Jesus, i staden for å sjå oss. Dette er det siste og fremste uttrykk for at Jesus er for oss, for vår skuld, i vår stad.

Dette er vår frelse og vår frelsesvisse, og det er ei særleg trøyst når vi fell og kjenner oss åndeleg talt skitne. Jesus står for Faderen, slik at Gud ser Jesu som soning og Jesu rettferd, i staden for å sjå vår synd og urett.

Johannes Kleppa