Bedehuset – einskap og mangfald

Eg fekk i oppdrag å halda eit kort føredrag med temaet «Bedehusforsamlinga – forkynning, einskap og mangfald» på ei samlinga for Tankesmia Bedehusforsamlingar. Denne tankesmia arbeider med spørsmål rundt forsamlingsbygging på bedehuset (sjå forsamling.org). Det er ei viktig sak, både ut frå det kallet bedehuset har, situasjonen på bedehuset og kyrkjesituasjonen.

Det aller viktigaste med bygging av forsamlingar på bedehuset, som for alt kristent arbeid, er forkynninga. Bedehuset vart skapt gjennom forkynning, og har levd, utvikla seg og vorte forma gjennom forkynning. Bedehuset kan ikkje leva utan forkynning. Det er forkynninga som byggjer og utrustar. Forkynninga er utøving av Ordets nådemiddel, som er det arbeidsmidlet Herren brukar for å gjera si frelsesgjerning. Det er også forkynninga som djupast sett skaper einskap på bedehuset, samstundes som forkynninga må vera mangfaldig med ordet om krossen som sentrum.

Det er samstundes også viktige organisatoriske sider ved forsamlingsbygging, og det som har med kyrkjelyden eller menigheita å gjera. Det er sagt mykje i Bibelen om den kristne forsamlinga, kva som skal prega denne og kva som skal skje der. Alt dette må vi arbeida for å overføra på bedehusforsamlinga, om det skal vera ei sann kristen forsamling. Det gjeld både på det åndelege og det praktiske planet.

Praktisk sett er det viktig at vi har eit opplegg på bedehuset som gjer at bedehusfolket i størst mogleg grad er ei forsamling. Det er viktig for at alle skal få mykje, god og allsidig forkynning, og for at ein kan stå saman i arbeidet. Dei ulike organisasjonane som har arbeid på same bedehuset, må leggja vinn på å opptre samlande, slik at arbeidet på bedehuset samla sett fungerer på beste måten til oppbygging for Guds folk, og med tanke på vekking og nytt liv – og alt som fylgjer av det.

Denne samlinga av arbeidet må samstundes ha rom for eit stort mangfald av arbeidsgreiner og kallsoppgåver. Dei ulike organisasjonane må få koma til sin rett. Ingen som vil arbeida innan bedehusets vedtekter, må verta sette utafor. Denne kombinasjonen av einskap og mangfald er vanskeleg, men eg trur det er avgjerande viktig at vi kjem til rette med dette om bedehuset skal ha ei framtid rundt omkring i landet.

Også Sarepta må tenkja og arbeid i lys av dette, samstundes som vi er opptekne med å skapa møtepunkt mellom menneske og Guds ord der det er lite eller ingen ting av kristent arbeid.

Johannes Kleppa