Spania og arven etter Trygve Bjerkrheim

Trygve Bjerkrheim og hans mange songar har vel ikkje så mykje med Spania å gjera, men som sikkert dei fleste lesarane av denne spalta har fått med seg, er eg for tida i Spania og gjer dugnadsarbeid på Centro Sarpeta, kombinert med at vi skal ha styremøte. Det gjer at hovud og tankar i stor grad sviv om pratiske spørsmål og arbeid på senteret. Det er ein god eigedom, og med litt rydding og oppussing som naturleg fylgjer med når ein skal starta eit nytt arbeid i ein eldre bygning, vert dette ein flott og tenleg stad for Sarepta sitt arbeid.

Medan eg har gått her og putla med diverse arbeid, har eg kome til å tenkja på ei erfaring eg gjorde for eit par veker sidan. Då var eg på songkveld eller konsert som Trygve Bjerkrheims Venner arrangerte i Bergen. Det var ein flott kveld som gav eit møte med personen og songane hans. Det var ein bra flokk samla, men eg hadde trudd det skulle vera fullt hus. Det son særleg slo meg, var at det var ein kveld for oss over 60 år, med unnatak for songarane og eit par til. Då gjekk det opp for meg at den yngre kristne generasjonen ikkje har noko forhold til Trygve Bjerkrheim og songane hans, i alle fall i svært liten grad. Det bør ein gjera noko med.

Arven eller songskatten etter Bjerkrheim er for god og rik til han skal gli ut av den kristne forsamlinga og ut av folks åndelege forråd. Etter som eg har forstått, vert det arbeidd med ei songbok med berre Bjerkrheims songar. Det er godt, men det er enda viktigare at songane hans vert brukte i den kristne forsamlinga, og då gjerne med nokre ord om forfattaren. Eg vil oppmoda møteleiarar til medvite å bruka songar av Trygve Bjerkrheim, slik at den åndelege arven som ligg der, vert formidla inn i hjarto og sinn.

Kanskje det også er einkvan spanskyndig nordmann som kan omsetja nokre av Bjerkrheims kjernesongar til spansk, slik at dei kan syngjast på Centro Sarepta, og med det vera ein kanal for evangelieformidling inn i spanske hjarto. Utfordringa er med dette gjeven!

Johannes Kleppa