Første gongen

Det er ofte spennande når ein skal vera med på noko for første gongen, og nokre periodar i livet vert det ekstra mange «første gongen». Slik er det også når ein startar opp eit nytt arbeid av ein eller annan karakter. Vi er enda inne i denne fasen for Misjon Sarepta, og no særleg for Centro Sarepta.

Vi kunne nett lesa om dei første som kom for å gjera dugnadsarbeid på senteret, og det første møtet gjekk for få dagar sidan av stabelen. Det vert verta mange «første gongen» her på huset etter at vi opnar 12. juni!

For min del var eg første gongen på eigedomen Finca el Romeral for vel eit halvt år sidan, og no har eg overnatta for første gongen på Centro Sarepta, og innvia ei ny madrass! Det er veldig flott å kunna vera her, og alle som er innom opplever det som ein god stad. Det er praktisk dugnadsarbeid som føregår for tida. Sjølv om det er eit godt bygg, er det alltid mange småting og litt større ting som må ordnast ved ein ny bruk av huset. Dessutan er det mykje som skal vaskast!.

Det er spennande med alt som skjer for første gongen reint praktisk, men det verkeleg spennande kjem ved alle «første gongen» når arbeidet startar opp. Det vert spennande å sjå kva folk vi får tak i, ikkje minst når det gjeld spansktalande. Aller mest spennande vert det å sjå kva Herren får gjera med folk som kjem på huset.

Det er grunn til optimisme med tanke på Herrens gjerning, fordi Jesus er den som verkeleg har gjort noko for første gongen – og som absolutt ingen gjer han etter. Det var då han kom til himmelen med naglemerka hender som vitnemål om at han hadde sont for alle menneske sine synder, og overvunne dødens makt. Då var han samstundes den førstefødte. Det var han ikkje berre som den første som steig inn i himmelen, men også ved at han viste kva kvalitet dei som kjem etter, vil vera av. «Som den himmelske er, slik skal og dei himmelske vera», seier Guds ord (1 Kor 15, 47-49).

Johannes Kleppa