Viktig med teologisk perspektiv

Ekman

Eg har lenge vore oppteken med å skapa teologisk perspektiv gjennom forkynning og undervisning, anten det skjer frå talarstolen eller skriftleg. Lærepunkt, åndelege erfaringar og kristent arbeid må setjast inn i ein samanheng bibelsk sett, og helst også historisk. Gjer ein ikkje det, vert det heile vaklande og utilfredsstillande over tid. Det kan føra til at ein søkjer ankerfeste på uheldige måtar og får feil feste.

Denne problemstillinga og utfordringa har forsterka seg etter at eg las Ulf og Birgitta Ekman si bok om deira veg til Den romersk-katolske kyrkja, «Den store oppdagelsen». Det er mykje som kan seiast om deira søking, den reisa dei gjennomførte og den stasjonen dei enda opp på. Utgangspunktet var at det byrja å gå opp for dei at den åndsrørsla dei var del av og stod i spissen for, var utan åndelege røter og utan historie. Forsamlinga Livets Ord med sine mange greiner, var også utan innplassering i ein større åndeleg eller kyrkjeleg samanheng.

Då dei byrja å sjå det, opplevde dei situasjonen utilfredsstillande, og byrja søkja etter ein større åndeleg samanheng. I første omgang vart dei sterkt opptekne med økumeniske spørsmål og kristen einskap, som også inkluderte katolske og ortodokse kyrkjer. Det enda opp med ei forståing av Den romersk-katolske kyrkja som einskapskyrkja eller mor for alle kyrkjer og alle kristne, slik at alle burde samlast der. Då kom ein heim.

Ekteparet Ekman er ikkje dei einaste frå nyare kyrkjesamanhengar som har oppdaga at dei i realiteten sit på ei åndeleg sett isolert øy med all sin karismatikk, herlegdomsteolog og kyrkjevekst. Det heile vert for snevert, og mange element frå Guds ord kjem ikkje til sin rett. Det går like inn i spørsmålet om Gud og frelsesspørsmålet. Det har ført til at nokre har hoppa frå det karismatiske til det katolske, og det er faktisk ikkje eit så langt hopp som det kan sjå ut til. Det er like fullt tragisk at det skjer.

For å hindra eit folk søkjer bort frå bedehuset og til det om opplevest som «større» og «fyldigare» samanhengar, er det viktig med ei fullødig forkynning og ei undervisning med substans i forsamlinga på bedehuset, og då slik at ein endar opp med og festest til Jesus Kristus og han krossfest – og berre det. Det er også viktig at totaliteten i forsamlinga og møteopplegget er slik at fylden i Guds ord og i den kristne tenesta kjem til sin rett. Folket i forsamlinga må oppleva at ein står inn for Gud, og at ein står i ein stor, ein verdsvid og historisk samanheng – slik at ein som universell kyrkje står for Gud. Vert det for snevert, søkjer ein etter ei stund vidare – og kor ein då endar, er ikkje godt å seia.

Johannes Kleppa