Bibelsenter og rett opplæring

Tema for ettertanke i dag gjev seg sjølv, ved at vi no har fått eigedomsretten til eigedomen i Spania som skal vera base for Sarepta sitt arbeid der, særleg det som gjeld Bibel- og opplæringssenteret. Torsdag 30. mars vart slik sett ein merkedag og ein milepel i Sarepta si korte historie. Ved at dagleg leiar av Centro Sarepta, Arild Melberg, no har nøkkelen i sin lomme, har vi alt i våre hender formelt sett.

Rett nok trur eg Centro Sarepta ikkje primært er i våre hender eller dagleg leiar sine hender, men i Guds hender. Det har vore ein lengre prosess enn vi hadde tenkt å finna ein eigna eigedom til eit slikt senter. Det same gjeld arbeidet med å få alle formalitetar og strukturar på plass for ei tenleg drift. Merkeleg nok er det finansieringa som har gått enklast, og vi er stor takk skuldig til alle som har bidratt med pengar. Vi ser likevel svært gjerne at fleire bidreg, slik at banklånet kan verta så lite som råd, og presset på drifta med det vert redusert. Det som er minst like viktig som pengar, er forbøn.

Når eg trur senteret ligg i Guds hand, er det fordi vi undervegs har bede mykje om at Herren måtte stengja og opna i denne saka. Resultatet er at mange vegar stengde seg, av ulike grunnar. Derimot har vegen fram til å overta det som no skal verta Centro Sarepta, opna seg på mange og forunderlege måtar. Det har vore som å gå i ferdiglagde gjerninga, om enn med spenning!

Det som vert den store utfordringa no framover, er å fylle tomta og bygningen med rett innhald, og at vi får folk inn på senteret  – slik at det vert ein sann og rett møtestad mellom menneske og Guds ord. Det er viktig at det vert gjeve rett opplæring. Til det treng vi dei rette folka, og at staden vert omslutta i forbøn.

I denne samanhengen var det ein reportasje til ettertanke og ransaking i Dagen for nokre dagar sidan (28/3). Der det vart påpeika at mange unge som deler bibelvers med kvarandre på nettet, som oftast deler vers der Jesus ikkje er nemnd. Det vert vist til lovnader om at Gud kan gripa inn i vanskelege situasjonar, Guds omsorg og moralske utsegner. Det vert omtalt som MTD-tro, der bokstavane står for moral, terapi og deisme (generell gudstru).

NLA-lærer Knut Tveitereid brukar seg sjølv om døme. Han vart som ungdomsprest beden om å halda ei påskepreik. Han var då ein mykje brukt forkynnar og skribent, men då han gjekk gjennom manusa sine, viste det seg at han aldri hadde talt om Jesu død og oppstode. Han var sjølv ein MTD-predikant.  Dette vart tydelegvis ein vekkjar for han, og han understrekar no sterkt at det er tid for å gjenoppdaga evangeliet, og la det få hovudplassen i forkynninga og ved deling av bibelvers.

Skal Centro Sarepta få sin rette funksjon, er det avgjerande at all undervisning og forkynning der har sitt tyngdepunkt, orienteringspunkt og sitt kraftpunkt i Jesu død og oppstodet, samstundes som heile Guds råd og vilje vert undervist og forkynt.

Johannes Kleppa