Å forstå ut frå trua

Det pågår stadig ein debatt om forholdet mellom skaping og evolusjon. Då vert det fort eit spørsmål om vi skal tenkja ut frå naturen eller ut frå Bibelen. Det treng ikkje vera ei motsetnad i det, men ut frå dagens naturvitskaplege tenkjemåte vert det lett ein konflikt. Det vert gjerne sagt at Gud har gjeve oss to bøker, naturens bok og Bibelens bok. Det er korrekt, men det er to nokså ulike bøker, og dei må plasserast i eit rett forhold til kvarandre.

Eg har nett lese eit lite svensk hefte med tittelen «Nytt ljus över skapelsen. En kristen förståelse av naturen», av Torbjörn Johansson, rektor ved Församlingsfakulteten i Göteborg. Församlingsfakulteten er ein svensk teologisk institusjon som bibelsynsmessig står omtrent likt med Fjellhaug og Dansk Bibelinstitutt. Församlingsfakulteten utgjev ein god del solid teologisk litteratur, inkludert nokre små hefte om ulike tema.

I dette vesle heftet om skapinga og naturen tek forfattaren utgangspunkt i fylgjande bibelske prinsipp: «Ved tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord. Så det ein kan sjå, ikkje har vorte til av det synlege». (Hebr. 11.3). Her seiest det altså at vi forstår «ved tru», eller som det heiter på svensk «genom tron». For å forstå skapinga og naturen startar vi altså med trua, ikkje med vitskapen. Då forstår vi at det heile er skapt ved Guds ord, eller på svensk «genom ett ord från Gud», ikkje på tilfeldig vis. Då lærer vi også at det synlege ikkje har vort til frå noko synleg eller materielt, som evolusjonsteorien lærer, men frå ingen ting. Gud skapte ut får inkje ved sitt ord. Han baud det fram.

Måten Bibelen seier skapinga skjedde på, ved at Gud talte og det skjedde, viser at ordet og språket var før alt anna – Ordet er evig, i opphavet. Det er motsett av evolusjonslæra som plasserer språket sist i utviklinga. Språket vert då eit menneskeleg tillegg til det utviklinga har frambrakt. Kristent sett er språket utgangspunktet for alt, og det er ei gåve frå Gud til mennesket ved skapinga.

Torbjörn Johansson påpeikar at det å lesa naturens bok er ei vanskeleg oppgåve, og at vi alltid må forstå naturens bok ut frå Bøkenes Bok.

Johannes Kleppa