Statsministeren og nåden

Vi er inne i 500-årsjubileet for reformasjonen, og i den samanhengen heldt statsminister Erna Solberg ein jubileumstale med utgangspunkt i ordet «nåde», og sa seg glad for at kyrkja hadde vald temaet «Nåde for vår tid» for jubileet, trykt i Dagen 7/3.  Det er eit dristig val av ein statsminister å velja ordet «nåde» som utgangspunkt for talen sin, når denne skal skje ut frå det verdslege regimentets posisjon.

Statsministeren startar heilt rett med å seia at «i kristendommen er «nåde» Guds tilgivende kjærlighet». Nåden omtalar ho som «noe veldig vakkert», fordi «den gir oss muligheten til å bli tilgitt og elsket av Gud, på tross av vår feilbarlighet som mennesker.»

Ho påpeika også at nåden har vorte noko ulikt forstått og forvalta. Når statsministeren går vidare med tanke på nåden «i vår tid», vert det heile nokså allment. Ho omtalar nåden som ei forsonande kraft som fyller eit grunnleggande menneskeleg behov, ut frå at vi er små og svake. Nåde rommar i denne samanhengen «raushet, barmhjertighet og nestekjærlighet», og omfattar det mangfaldige og inkluderande i samfunnet.

Ordet «nåde» er eit sentralt kristent omgrep, men kristendommen kan ikkje gjera eksklusivt krav på ordet. Det kan nyttast i ulike samanhengar og også på eit meir allment plan, som statsministeren i stor grad gjer – og som i og for seg er naturleg ut frå henner samfunnsfunksjon.

Når vi ser spesifikt på kva som ligg i ordet «nåde» bibelsk sett og i kristen tru, må vi definera det ut frå openberringa i Guds ord, og i eit jubileumsår for reformasjonen, må vi særleg spørja oss korleis Marthin Luther og evangelisk luthersk kristendom har forstått realitetane i ordet. Då må ordet og saka eintydig knyttast til Jesus og frelsesverket hans. Nåden er den haldninga Jesus har framkalla i Guds hjarta ved at Jesus har sona for syndene våre, slik at Gud i staden for å døma kan frikjenna, i stad for å straffa kan rettferdiggjera.

Nåden er den haldninga og den velviljen Gud har til oss for Jesu skuld, altså i Jesu person.

Johannes Kleppa