Vi lukkelege – Gud nøgd?

Villmarkscamp - Johannes_copy

Under tittelen «Et annet evangelium?» skriv Anne Lise Søvde Valle, dagleg leiar i NORME, om den «feel good»-versjonen av evangeliet som vi har laga oss i Vesten, opp mot den viljen til å betala ein høg pris for å tilhøyra Jesus i andre delar av verda. Det er til ettertanke på fleire plan. Ho brukar erfaringa frå Stine, ein student på 21 år, som aktualisering, men det kan nok gjelda for ulike aldrar:

«Stine kjente også noen kristne på studiestedet. De levde ikke annerledes enn de andre. De strevde med de samme spørsmålene som henne, festet sammen med studentene i helgene, og flere av dem hadde flyttet sammen med kjærestene sine da de skulle studere i storbyen. Da Stine hadde spurt en av dem om dette, fikk hun til svar at Gud var fornøyd, så lenge vi var lykkelige.»

Det som her skjer, er at Gud vert relatert til oss, ikkje vi til han. Utgangspunktet mennesket og menneskets oppleving av lukke, ikkje Gud og kva han definerer som rett og godt. Kristentrua vert menneskeorientert, i staden for gudsorientert. Kva som er rett, vert definert ut frå kva mennesket opplever som godt for seg, ikkje ut frå openberringa i Skrifta. Det er eit typisk uttrykk for det vi kallar postmoderniteten, der eigne kjensler og erfaringar er styrande. Det er samstundes uttrykk for ei postmoderne forståing av synda, ei forståing som går langt inn i teologien – og som også ligg bak den nye ekteskapsforståinga og aksepten av likekjønna samliv og «ekteskap».

Synda vert då ikkje forstått i forhold til Gud, men i forhold til mine medmenneske. Det er ikkje snakk om ei direkte krenking av Gud, men ei krenking av våre medmenneske. Når vi krenkar vår neste, krenkar vi samstundes Gud – og det er synd, men også berre det. Dersom vår neste ikkje opplever det som krenking, er det heller ikkje krenking av Gud – og med det heller ikkje synd.

Medstudentane til Stine opplever seg ikkje krenka av helgefyll, sambuaren opplever seg heller ikkje krenka. Det gjer heller ikkje den likekjønna «ektefellen». Alt er jo frivillig og opplevest rett og godt – og då er det rett og godt, ikkje synd. Då er sjølvsagt også Gud nøgd.

På denne måten har ein snudd opp ned på det meste, og synda er oppheva som noko objektivt ut frå Guds ord og som forderva natur. Evangeliet må då tilpassast denne forståinga av synd, og med det har vi fått eit nytt evangelium, altså eit anna evangelium. Der det er ei falsk forståing av synd, vert det automatisk eit falskt evangelium.

Johannes Kleppa