Kan vi redda liv ved abort?

Foster..

I hjelpearbeid vil ein ofte stå i det dilemmaet at ein skal hjelpa folk og berga liv, men ein maktar ikkje hjelpa og berga alle. Kven skal ein då hjelpa? Noko av det same gjeld i politikken, ein skal gje lover og løyva pengar for å hjelpa folk i naud, men ein klarer ikkje fanga inn alle. Kven skal ein då prioritera? Dilemma av denne typen må vi ta på alvor, og vi skal ikkje vera for snare til å kritisera om det vert gjort val og prioriteringar som ein sjølv er usamde i.

Kirkens Nødhjelp (KN) står i slike dilemma i ulike samanhengar, mellom anna når det gjeld å hjelpa kvinner som har vorte gravide og ikkje ser seg i stand til å bera borna fram. Dei er då gjerne vorte gravide ved voldtekt eller ved anna form for vald. Kan då desse kvinnen hjelpast ved at dei får høve til «lovleg og trygg abort», slik at dei ikkje får utført eller ikkje sjølv utfører helsefarleg abort, der faktisk livet nokre gonger går med? Dersom det vert utført abort som endar med at også mora døyr, går jo to liv tapt.

Sjølv om kvinner i slike tilfelle kan vera i svært dramatiske situasjonar, kan vi heller ikkje her vika frå prinsippet om liv mot liv. Fosterdrap for å berga ein uhyre vanskeleg situasjon kan ikkje vera rett. Vi kan ikkje løysa ein urett gjennom ein ny urett. Vi må finna løysingar som respekterer både fosteret og kvinna sin livsrett. Det er rett av KN å setja søkjelys på den fortvila og urette situasjonen mange kvinner er i på dette området, ikkje minst at det døyr mange dagleg på grunna av såkalla «utrygge abortar». Samstundes er det langt fleire foster som døyr av både «trygge» og «utrygge» «abortar», og for fosteret er alle abortar utrygge – dei er fosterdrap. Set KN eit rettkome fokus på det første, må organisasjonen i enda sterkare grad setja fokus på det siste.

For 10-15 år sidan hadde Dagen fleire reportasjar der ein sette søkjelys på at den norske regjeringa via bistansdepartementet som var leia av ein KrF-statsråd, løyvde pengar til organisasjonar som fremja abort, særleg under dekke av «reproduktiv helse». Dette var eit dilemma for Kristeleg Folkeparti, og Dagens reportasjonar var lite populære. No utfordrar KN KrF til aktivt å arbeida for det som dei i mindretalsregjering ikkje kom seg unna. Det rådet må ikkje KrF lytta til. Dei må stå fast på prinsippet om livsvern med den grensa som går ved liv mot liv, internasjonalt som partiet til no har gjort nasjonalt.

For meg verkar det underleg at KN ikkje kan koma i posisjon til å hjelpa kvinnene til å bera fram barna sine, og med det berga to liv, om det er mogleg for organisasjonen å koma i den posisjonen at dei kan hjelpa kvinner til abort, slik at i alle fall eitt liv går tapt. Her må det vera noko med prioriteringa som ikkje stemmer.

Johannes Kleppa