Dramatisk dag for Den norske kyrkja

I dag (30/1) har Kyrkjemøtet (KM) med ¾ fleirtal gjort vedtak om liturgi for «vigsel» av likekjønna par, og denne liturgien vert straks gjort gjeldande for alle kyrkjelydane innan Den norske kyrkja (Dnk). Det er eit svært dramatisk vedtak, trass i at teologien som ligg bak vedtaket har vore rådande ei tid. Sjølv om vedtaket formelt sett er nokså avgrensa ved at det berre gjeld «vigsel» av likekjønna par, og dette utgjer svært få tilfelle for året på landsbasis, er vedtaket like full svært omfattande. Det ber i seg mange og djuptgåande læremessige element, og med store konsekvensar både menneskeleg og åndeleg.

Vedtaket ber i seg ei omdefinering av det Bibelen lærer om kjønn, ekteskap og forholdet mellom foreldre og barn. Dette er det sagt og skrive mykje om, og eg skal ikkje gå grundig inn på det. Ikkje minst Øivind Benestad og Nina Karin Monsen har på ein sterk og tydeleg måte peika på dette. Benestad forlet KM og Dnk i det vedtaket var gjort. Det som no skjer, vil få store negative konsekvensar for dei borna som vert fanga inn av den tenkinga og praksisen som ligg i den nye læra, og det vil også vera som ein negativ surdeig med tanke på borna generelt. Det er sjølvmotseiande å røysta for den vedtekne liturgien om ein meiner seg å stå for eit klassisk syn på ekteskapet.

Vedtaket ber også i seg ei fornektig og omdefinering av det som ligg i at mennesket er skapt i Guds bilete som mann og kvinne, og der det å fylla jorda er eit vesentleg moment. Det at vi er mann og kvinne, er del av sjølve gudsbilete, og med det grunnleggjande for å vera menneske. Når dette vert fornekta, omtolka eller nedtont, vil det få negative konsekvensar for mennesket generelt, ikkje berre for ekteskapet og familien.

Ved «vigsel» av likekjønna er det meiningslaust å visa til skapinga av menneske i Guds bilete som mann og kvinne, og i staden viser ein difor til at Gud etter at han hadde skapt Adam, sa: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine.» Gud ville difor gje han «ei medhjelp som kunne vera hans like» (1 Mos 2.18). Gud leidde så alle dyra og fuglane fram for Adam, og han gav dei namn, men mellom desse fann han «inga medhjelp som var hans like». Slik var det fordi ingen av dei var skapte i Guds bilete.

Gud skapte ikkje då fleire dyr som Adam kunne vilja mellom, heller ikkje ein avansert apekatt. Heller ikkje skapt Gud ein mann til, og difor vert dette verset no misbrukt grovt for å grunngje likekjønna «ekteskap». Gud skapte ei kvinne, og med det var mennesket fullstendig som skapt i Guds bilete, og denne kvinna leidde så Gud til mannen, og sa dei skulle vera eitt kjøt. Vedtaket bryt ut frå dette med det kristne menneskesynet, og difor også med det kristne ekteskapssynet.

Vedtaket er dessutan i strid med evangeliet og med det i strid med kristen einskap. Det velsignar det Guds seier set folk utafor Guds rike, og med det er kyrkjesplittande. Slik sett er vedtaket i strid både med Skrifta og vedkjenninga. Det er denne underkjenninga av det Skrifta seier om synda og fortapinga, og med det om trua, omvendinga og evangeliet, som er det aller mest alvorlege. Av denne grunn er det ei skjebnesvanger nedtoning av alvoret i saka når dei som seier seg å vera mot likekjønna «ekteskap», likevel røysta for det.

Det som det heile fell tilbake på, er at vedtaket er i strid med det bibelske og luthersk prinsippet om Skrifta åleine. Her er det fornufta og den allmenne livserfaringa som overkjører det bibelske prinsippet om mann og kvinne og dei bibeltekstane som direkte talar om ekteskapet og om homofilt samliv. Den måten ein her har løyst seg frå Skrifta på, er eit prinsipielt brot med skriftprinsippet, og med det innføring av eit bibelsyn som legg teologien open for å endra lære på alle punkt der ein opplever at Bibelen lærer i strid med fornufta og erfaringa – og det er allereie på full fart inn i teologien og kyrkja.

Johannes Kleppa