Guds evige råd og openberringa

Bibel oppslått

Eg vil her kort peika på to sider ved Guds frelse. Til Timoteus skriv Paulus at Gud «er den som har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall» (2 Tim 1.10f). Både kallet og frelsa er Guds, men rekkefylgja på det skulle vi kanskje tru var motsett – at Gud kalte og frelste oss, og slik er det vi subjektivt opplever det. I det store perspektivet er det likevel annleis.

Frelsa har sitt utgangspunkt i Guds eige, frie og evige råd, og då kviler det heile på «den nåden som han frå evige tider gav oss i Kristus Jesus». Frelse er ikkje noko som har kome til no, eller som Gud fann på som ei nødløysing etter syndefallet. Frelsa er «frå evige tider», og ho er gitt oss i Kristus Jesus som nåde. Dette vert i Skrifta omtalt på ulike måtar, ikkje minst knytt til utvelginga i Kristus før verda sin grunnvoll vart lagt.

Denne måten å omtala frelsa på, seier oss at vi ikkje har medverka eller gjort oss fortente til frelse på noko vis. Det heile er Guds suverene verk, det er gjort før vi eksisterte og heilt og fullt utafor oss. Då er det nåde, og denne er med det gjeven oss frå den tida Gud ordna med frelsa, frå evige tider. Dette inneber også at vi ikkje kan ha øydelagt noko eller forpurra noko som har med frelsa å gjera, fordi vi var ikkje til stades. Då kan vi vera trygge for at frelsa er i orden, og at ho held.

Poenget vidare er at det som høyrer æva og Guds råd til, har mennesket ikkje kunnskap om eller greie på ut frå seg sjølv og sin posisjon i tida. Mennesket ville med det vera like fortapt som om frelsa ikkje eksisterte, om det ikkje skjedde noko meir enn det som er gjort frå evige tider, men Gud har gjort noko meir: «No har denne nåden vorte openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring.»

Vi får kunnskap om og del i den evige frelsa ved openberring inn i tida. Denne openberringa er knytt til Jesus Kristus og hans kome til jorda, og det Skrifta fortel om han og kva hans gjerning går ut på. Denne openberringa er vi heilt avhengige av, men så har vi også fått henne ved Ordet. For at menneske skal få del i denne openberringa av Guds nåde til frelse, må det få møta Ordet, og det skjer primært i vitnemålet og forkynninga – og difor er det så viktig med møtestader mellom menneske og Ordet.

Johannes Kleppa