Ein lekam laga du til meg

Når vi tenkjer på juleevangeliet og at folk les det, er det nok Luk 2,1-14 (20) det vert tenkt på. Dette er den klassiske juleteksten, fordi her er det heilt konkret fortalt om Jesu fødsel, korleis det skjedde og kva som skjedde. Det er likevel slik at vi i mange av Bibelens bøker, kanskje i alle, på eit eller anna vis finn eit juleevangelium. Dei ulike juletekstane får fram ulike sider ved Jesu fødsel, og ikkje minst kvifor han vart fødd. Vi gjer difor klokt i å bruka julehelga til å leita i dei ulike bibelske bøkene etter tekstar som forklarer og utdjupar julebodskapen.

I Brevet til hebrearane finn vi juleevangeliet i kapittel 10, knytt til noko som Messias seier i Salme 40. Her seier Jesus på profetisk vis: «Offer og gåve ville du ikkje ha, men ein lekam laga du til meg».  Det kan i første omgang synast merkeleg at Gud ikkje ville ha offer og gåver frå Messias, sidan dette var føreskrive i lova. Rett forstått var det jo nettopp dette Gud ville ha av Messias, men då av ein annan karakter enn dei gåver og offer som til no var borne fram.

Det var noko nytt Messias skulle gjera, og difor seier han: «Sjå, eg kjem – i bokrullen er det skrive om meg – for å gjera din vilje, Gud.» Guds vilje var éin, det var ein felles vilje i Faderen, Sonen og Anden. For at denne viljen skulle verta utført, fekk Jesus ein lekam, ein kropp som oss. Denne viljen gjekk ut på, at på den jorda der det ikkje fanst eit einaste syndefritt punkt, slik at alt vart utsletta og fortapt om Gud skulle handla direkte med sin skapning, der skulle det plutseleg verta ei syndefritt punkt – Jesu lekam. På dette punktet skulle så Gud leggja all verdas synd, slik at Jesus på sin lekam kunne bera synda vårt opp på krossen, og der verta gjort til synd og til ei forbanning for oss, i vår stad. Gud skulle på denne måten kunna ramma ein annan i staden for oss, seg sjølv som Sonen.

Ved at Messias slik gjer Guds vilje, kan det konkluderast: «Ved denne viljen har vi vorte helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.»

Og det kan føyast til: «Men Jesus har bore fram eitt einaste offer for synder, og har deretter sett seg ved Guds høgre hand for alltid.»

Johannes Kleppa