Ei slekt som ikkje kjente Herren

Bibelen er mykje oppteken med opplæring i Guds ord. Det gjeld både i den gamle og den nye pakta. Også for Sarepta står opplæring sentralt. Det er faktisk eit hovudfokus, særleg med tanke på Spania, og difor vil vi starta eit bibel- og opplæringssenter. Vi investerer nokså mykje pengar i ein eigedom for å kunna driva med systematisk bibelopplæring.

Opplæringa skal etter Guds ord skje på fleire plan og i ulike samanhenger. Det eine gjeld det personlege bibelstudiet, det andre gjeld opplæringa i heimane og det tredje gjeld undervisninga i den kristne forsamlinga. Desse tre opplæringsarenaane glid over i kvarandre, og skal utfylla kvarandre.

Her vil eg særleg løfta fram dei kristne heimane sitt ansvar. Gjennom forkynning og opplæring i forsamlinga må vi oppmoda til og leggja til rette for at dei kristne heimane kan ivareta sitt opplæringsansvar på ein god måte. Her har det svikta mykje dei siste tiåra, fordi ein har lita for mykje på skulen. Gjennom mange generasjonar ivaretok skulen dåps- og trusopplæringa på vegner av heimane, og det gav slektene etter måten solid kristendomskunnskap. Slik var det då eg vaks opp, men slik er det ikkje no. Dei kristne friskulane ivaretek noko av dette, men det er på langt nær nok. Indremisjonsforbundet satsar no ein god del på å nå ut til heimane med hjelpemateriell for trusopplæring, og godt er det.

Desse ettertankane har sitt utgangspunkt i då Israel hadde kome inn i Kanaan, og hadde budd der omtrent ein generasjon. Då Josva og generasjonen med han døydde, heiter det:

«Så gjekk heile denne ættledden til fedrane sine, og etter dei voks det opp ein annan ættled, som ikkje kjende Herren, og heller ikkje dei gjerningane han hadde gjort for Israel.» (Dom 2,10)

Resultatet av dette var at israelfolket gjorde det «som var vondt i Herrens augo» og dyrka avgudane. Vi er no i ferd med å få den same situasjonen her i landet.  Vekkingstidene og det Herren slik har gjort mot folket vårt, har stort sett gått i gløymeboka. Den kunnskapen som dei generasjonane som no døyr ut, fekk i skulen, fell også bort. Det får same konsekvensen hjå oss som i det gamle Israel. Det kallar oss til eit intensivert opplæringsarbeid i Bibelen og kristentrua.

Johannes Kleppa