Nyttårskonferansen 16/17

Er  du mellom 15 og 30 år er du hjarteleg velkommen til Misjon Sarepta sin Nyttårskonferanse på Nordlys Misjonssenter 30.12.16 – 01.01.17! Tida går fort, og det er berre halvannan månad att til Nyttårskonferansen 16/17, så fort deg og meld deg på før fristen 1. desember!

I løpet av konferansen får me besøk av tre (ganske) ulike talarar. Bjørn Storm-Johansen heiter ein av dei, og er nok den sterkaste som nokon gong har talt i regi av Sarepta! Bjørn er med oss heile nyttårsafta og har overskrifta «Synd og Nåde» over timane sine.

bjorn-storm-j

Første taler ut (fredag) er Mikael Kero! Han er både ung og svensk, og har gått Bibel og formidling på Fjellheim Bibelskole. Me er glade for at han har sagt ja til å tala..

mikael-kero

Hans Bergane – ein ikkje heilt ukjend person i Sarepta-samanheng. Me er glade for at han vil formidla Guds Ord for oss på møtet 1. nyttårsdag!

hans-bergane

Program for Nyttårskonferansen 2016/17
30. desember
15:00 Innkvartering
16:00 Middag
17:00 Velkomst og presentasjon
18:00 Bibeltime v/Mikael Kero
19:00 Kveldsmat
20:00 Kveldsmøte v/Mikael Kero
22:00 Snacks og kos

31. desember
10:30 Frukost (flexi, til 11:15)
11:30 Bønnemøte
12:00 Bibeltime v/Bjørn Storm-Johansen
13:00 Frukt
13:30 Bibeltime v/Bjørn Storm-Johansen
14:30 Lunsj
15:30 Fritid/skift til finstasen J
18:00 Festmiddag
21:00 Kveldsmøte v/Bjørn Storm-Johansen
Vitnemøte
00:30 Nyttårsandakt v/Bjørn Storm-Johansen
01:00 Kaffi, kaker, kos, drøs, song, brettspel, quiz?

01. januar
11:30 Nyttårsfrukost (fellesstart)
13:00 Nyttårsmøte v/Hans Bergane
14:30 Avreise, me må vera ute til ca. 15:00

(18:00 Nyttårssamling på Salem på Sola v/Lorents Nord-Varhaug og Hans Bergane)

 

 Meld deg på asap HER

One thought on “Nyttårskonferansen 16/17

Comments are closed.