Bots- og bededag og ande helgedagar

I tillegg til dei store kristne høgtidene har vi gjennom kyrkjeåret år nokre spesielle helgedagar. Den siste søndagen i oktober har vi Bots- og bededag, og første søndagen i november har Allehelgenssøndag. Ei bestemt oppbygging av kyrkjeåret er ein gamal tradisjon, og poenget er å få fram viktige sider ved den kristne trua, og slik også få fram heile Guds råd og vilje. Det er altså ei pedagogisk hjelp til ei brei innføring i kristentrua, med vekt på det som er aller viktigast. Jul, påske og pinse ha difor fått ekstra merksemd, sidan dei fokuserer på dei tre personane i den eine Gud.

I tidlegare tider var det fleire einskildagar som hadde faste datoar og som med det var helgedagar anten dei kom på ein kvardag eller ein søndag. Slik var det med Bots- og bededag og Allehelgensdag. No har vi berre att Kristi Himmelfartsdag som helgedag midt i veka. Det er bra at denne dagen framleis har ein slik posisjon, for Jesu inntog i himmelen som den evige øvstepresten, der han viser seg konstant for Guds åsyn for vår skuld, som ei soning for syndene våre, er heilt avgjerande for vår frelse. Det er eit sentralpunkt i kristentrua.

Den faste og mest markante kyrkjedagen gjennom året, er Jesu oppstodedag, som vi feirar kvar søndag. Øvrige kyrkjedagar er no stort sett også lagde til denne dagen. Sjølv om vi gjerne skulle hatt dei to kyrkjedagane vi har på denne tida av året, som eigne helgedagar, bør vi like fullt leggja vinn på innhaldet i dei. Allehelgensdag, som minner oss om den kristne vona og dei som er døde heilage ved trua på Jesus Kristus, opplevest som ein lys og god dag.

Bots- og bededag kan derimot opplevast som mørk og dyster. Då skal vi hugsa at det er gjennom bot og omvending vi kjem inn i lyset, og det er gjennom bøn vi får del i Guds gode gåver. Gjennom syndserkjenning og syndsvedkjenning får vi del i den største av alle gåver: syndstilgjeving. Det er difor avgjerande viktig å halda oppe, forkynna og praktisera det som ligg i Bots- og bededag.

Johannes Kleppa