Trusopplæring i Noreg og i Spania

Når ein fylgjer den åndelege utviklinga i Noreg, og samstundes arbeider med å etablera eit misjonsarbeid i Spania, kan ein gjera seg mange tankar til ettertanke. Det er mykje som er likt og mykje som er ulikt i dei to landa. Begge landa er sterkt sekularisert. Det eine er nominelt eit hovudsakleg luthersk land. Det andre er tilsvarande eit katolsk land. Eit lands dominerande konfesjon sikrar ikkje landets åndelege utviklling. Det er det åndsmakta i landet som gjer.

Her på berget ha vi nett opplevd at den kjente artisten Bjørn Eidsvåg, som har skrive mange kristne songar som vert mykje brukte, har vore i tenkjeboksen for å finna ut kven Jesus er, og kva kristendom er. I sitt avlukke har han sannert praktisk talt alt som er av sentrale kristne dogme, og kome ut med ein Jesus som passar til artistens oppfatning. Kristen tru har gått over frå å gjelda frelse frå Guds dom og vreide, til å vera solidaritet med undertrykte.

Omtrent samstundes med at Eidsvåg karakteriserer sentrale kristne lærepunkta som tull og tøys, kjem biskop Tor B. Jørgensen ut av sitt skap, og fortel at han i mange år medvite har lete vera å forkynna om livets to utgangar og den evige fortapinga. No er det på tide at det vert sagt tydeleg at alle vert frelste til slutt i kraft av Jesu død og oppstode – uavhengig av personleg kristen tru, seier den pensjonerte biskopen. Då kan ein nesten lura på kvifor han har brukt heile livet sitt i misjon og kyrkja si teneste. Det kan i alle fall ikkje vera for at folk skal verta frelste, det vert dei uansett.

Samstundes med at dette skjer, arbeider Sarepta intenst for å kjøpa ein eigedom i Spania der hovudsaka er å driva bibelundervisning og kristen trusopplæring på ulike måtar, nettopp fordi folk skal koma til sann forståing av kva kristendom er, og med det til sann tru på Jesus frelsesverk, slik at dei ikkje går fortapte, men vert frelste. Vi har stort frimot til å be kristne menneske bidra med fleire millionar for at dette senteret skal kunna realiserast.

Har artisten Bjørn Eidsvåg og biskopen Tor B. Jørgensen rett, er jo satsinga i Spania bortkasta tid og pengar. Poenget er at vi trur dei tek feil, fordi Bibelen seier noko anna enn dei gjer. Deira nye «lære» viser at det ikkje berre er i det katolske Spania det trengst sann bibelundervisning og trusopplæring. Det trengst også i det lutherske Noreg.

Johannes Kleppa