Openberringa og fornufta

Eg  fekk nett i oppdrag å tala om «openberringa og fornufta» på eit FBB-møte. Det er eit omfattande og aktuelt tema. Fornufta er viktig i vårt daglege liv. Opptrer vi ufornuftig, kan det få fatale konsekvensar. Opptrer vi i samsvar med fornufta i frelsesspørsmålet, vi også det få fatale konsekvensar – heilt sikkert!

Vi er skapte med fornuft, og ho høyrde til blant alt det Gud karakteriserte som «godt» då skaparakta var ferdig. Den same fornufta vart som alt anna på jorda dreget med i syndefallet, og kom under den forbanninga som Gud som konsekvens av syndefallet la over jorda. Vi vart med det ikkje ufornuftige menneske, men heile vår person vart vendt bort frå Gud.

Dette inneber at på skaparplanet, eller innan det vi kallar det verdslege regimentet, har fornufta sin rettmessige plass. Gud styrer og opprettheld jorda og samfunnet ved hjelp av fornufta. Det verdslege regimente er fornuftas regimente eller styringsområde.

I det åndelege regimente – det som gjeld vårt forhold til Gud og frelsa – strekk derimot fornufta ikkje til. Her er vi avhengig av openberring – Ordet. Som skapte i Guds bilete er mennesket skapte til samfunn med Gud, og difor vil mennesket alltid søkje noko utafor og over seg sjølv, noko guddommeleg. På grunn av syndefallet vil denne søkinga alltid vera bort frå den sanne Gud til avgudar. Mennesket søkjer aldri av seg sjølv til krossen, det er ein dårskap for fornufta. Det er ved openberring mennesket møter ordet om krossen, og med det søkjer krossen, forsoninga og syndstilgjevinga.

Det Gud har tenk å gje oss, kjem aldri opp i noko menneskehjarta. Det vil mennesket aldri korkje søkja eller finna av seg sjølv. Då kjem Gud sjølv til oss med dette som openberring, som ein kunnskap frå himmelen som viser og gjev oss Guds gåver i Kristus (1 Kor 2,9f). Det er vår berging, og det gjer av Ordet og forkynninga er så viktig. Det er berre ved dette Gud frelser menneske (1 Kor 1,21).

Johannes Kleppa