FRI –kva er det?

FRI –kva er det?

Ordet «fri» er eit hovudord i menneskelivet generelt og i kristenlivet spesielt. Får Sonen frigjord dykk, vert de retteleg frie, seier Skrifta. Det er ein fridom frå synd og skuld, dom og vreide. På det menneskelege planet gjeld det om å vera fri frå vald og undertrykking, og fri frå ytre og indre tvang. Det er eit stort filosofisk spørsmål kva det inneber å vera fri, og det er eit tilsvarande politisk spørsmål kva dei praktiske fylgjene av dette er i samfunnet.

No har vi fått ein ny organisasjon som spelar på ordet FRI. Her gjeld det at einkvar skal få gifta seg med kven ein vil – og med kor mange ein vil samstundes. PolyNorge er ein organisasjon for dei polyamorøse. Dette er eit naturleg steg vidare i høve til det som ligg i likekjønna samliv. Den ideologien som omdefinerer ekteskapet og opphevar det som einsidig heterofilt, stoppar ikkje med det homofile. Det er ein prinsipielt open ideologi, så sant det dreier seg om frivillig samliv. Mange av oss har påpeika at dette ville verta det neste steget i høve til den kjønnslikegyldige ekteskapslova vi no har – og at det vil vert det med tanke på kyrkjeleg «vigsel». Det siste vert kontant avvist, med den grunngjeving at den nye liturgien talar om to personar. Det er eit syltynt argument ut frå den utviklinga som har vore og som held fram.

Ordet FRI er eit honnørord, men det store spørsmålet er kva som ligg i det å vera fri. Det har vore ei gliding i oppfatning av det i retning av at det er ei reint personleg sak. Dette inneber ei subjektivisering og relativisering som løyser det frå det normative og frå fellesskapet. Den fridomsoppfatninga som gjer det berre til eit personleg val, er destruktiv både med tanke på individet og samfunnet. Det er strevsamt og oppløysande å heile tida måtta finna ut av den saka sjølv, utan ei norm som definerer fridomen og utan å ha ei felles oppfatning av dette i samfunnet.

Skal det verta reell fridom, må denne vera bunden til ei norm. Då vert det livskraft i fridomen. Skal fridomen ikkje skapa kaos, men samhald, må han byggja på ei felles og forpliktande oppfatning. Dette kan ein finna i ulike religionar og livssyn. Sidan Gud har skapt oss i sitt bilete og lagt lovens gjerning ned i hjarto våre, vil ein her finna ei viss hjelp til rett fridom. Ved å orientera seg ut frå Guds lov i Skrifta og fridomen i Kristus, vil ein finna den sanne og fullkomne fridomen.

Johannes Kleppa