Skaparverket i nord og den nye jorda

På veg til undervisning på Fjellheim bibelskole i Tromsø har eg saman med kona reist gjennom mykje av Nord-Noregs natur, der vi har overnatta i campingvogn. Det har vore ei storarta naturoppleving i storslått natur og strålande vær. Eg har då gjort meg eit par enkle ettertankar.

Skaparverket er fantastisk, særleg i vår nordlegaste landsdel, der havet, lyset og kveldane gjev ein ekstra dimensjon til naturen. Skaparverket vitnar om Skaparen. Som Gud er skjønn, er skaparverket skjønt. Alt vakkert går tilbake til Guds person og vesen. Det er innefatta i Guds vurdering av skaparverket: Alt var såre godt eller overlag godt.

Vi opplever framleis skaparverket vakkert, og opplevingane i møte med den majestetiske naturen i Lofoten og andre stader kan vera sterk, trass i at vi opplever skaparverket etter syndefallet! Kva glans det hadde før syndefallet, kan vi berre ana. Syndefallet drog med seg alt som Gud hadde skapt, slik at det vart lagt under forgjengelegdom og død, med liding, forureining og naturkatastrofer.

Vi ser altså skaparverket etter syndefallet og med syndefallets konsekvenser – og vi kan verta reint overvelda over kor flott det er. Korleis må det ikkje då vert når syndefallets konsekvensar er borte, og skaperverket på nytt stig fram slik det var frå Guds hand – og berre prega av han! Slik vil det verta på den nye jorda. Guds ord seier at jorda skal atterfødast, og då vil ho på nytt vera preg av Gud som før syndefallet. Vi vil då også sjå med reine og heilage augo!

Det kan seiast mykje om Jesu frelsesverk og om sjølve frelsa, og noko av dette gjeld at det som no er knytt til syndefallet, vil gå opp i eld, eller verta kasta i fortapinga, slik at naturen saman med Guds folk og heile skaparverket stig fram i herleggjort skapnad – med same herlegdom som Guds sjølv har!

Johannes Kleppa